NRK Meny
Normal

Dette kan vere godt nytt for trafikktryggleiken

I løpet av fire månader i haust har jegerar i Lærdal skote ned minst 649 hjortar. No håpar dei at det skal få ned talet på hjortepåkøyrslar på E16 gjennom kommunen.

Hjortar felte under jakta i Lærdal 2017

MYKJE HJORT LANGS VEGANE: Jegerar i Lærdal har over tid merka seg at det er mykje hjort som går langs vegane i kommunane. Dette er fire av vel 650 dyr som er felte under jakta i haust.

Foto: Fredrik Hestetun

Lærdal har opp gjennom åra vore blant kommunane i landet med flest hjortepåkøyrsler. Ifølgje tal frå Hjorteviltregisteret var det i fjor registrert 43 påkøyrde hjort.

– Det er forferdeleg mykje lidingar i samband med ei hjortepåkøyrsle. Og ikkje minst er det flaks at det ikkje har skjedd noko med folk i desse ulukkene, seier leiar av ettersøksringen i Lærdal, Arvid Solheim.

På grunn av den dødelege dyresjukdommen skrantesjuke vart jegerar i kommunane rundt Nordfjella i haust oppmoda om å skyte ned langt fleire hjort og elg enn dei brukar å gjere. I Lærdal åleine har minst 649 dyr blitt felte i løpet av jakta.

– Mykje dyr langs vegane

Både Mattilsynet og jegerane håpar at ei uttynning av hjortebestanden skal redusere risikoen for at skrantesjuka smittar over på hjort. Til no er det ikkje påvist tilfelle av den smittsame skrantesjuka på hjort i Norge.

I tillegg til frykta for skrantesjukesmitte, har ein stor hjortebestand og utfordringa dei mange dyra blant anna har skapt for trafikktryggleiken vore ein viktig motivasjon for jegerane.

Jeger Fredrik Hestetun har vore leiar for to jaktlag i Lærdal i haust, og i løpet av nesten 200 timar med jakt har dei felt 45 dyr. Han seier dei over tid har sett at hjortebestanden i kommunen har blitt for stor.

– Vi har sett behovet for å ta ut fleire dyr. Det verkar som hjortestammen i Lærdal har auka veldig, og det har vore veldig mykje dyr på innmark og langs vegen i kommunen, seier Hestetun.

Håpar statistikken endrar seg

Viltkontakt i Statens vegvesen, Ann Kristin Nes, stadfestar at Lærdal er ein av kommunane i fylket med desidert flest hjortepåkøyrsler. Det er gjort fleire tiltak, mellom anna med viltgjerde mellom Fodnes og Fodnestunnelen, på Ljøsne og med blinkande varslingsskilt på Eriflata.

Ho håpar det vil syne att i statistikkane at det har blitt færre hjort i kommunen.

– Med mindre hjort skulle ein tru det blir færre dyr som kryssar vegen. Det hadde vore positivt om det vart ein bieffekt av nedskytinga i haust, seier Nes.

– Om vi merkar noko no med det same er vanskeleg å seie. Men eg har eit håp om at talet hjortepåkøyrsler går ned, seier Arvid Solheim i ettersøksringen.