Hopp til innhold

Dette kan gje medalje i 2016

Asbjørn Wold frå Vik er ein av fire skiskyttarar som måndag figurerte over to sider i VG i blanke messingen.

Asbjørn Wold m. fl. netto i VG

– Vi gjer det i eit forsøk på å skaffe sponsorar til laget vårt, som førebels heiter Team Kollen 2016. Målet er at ein av oss skal ta medalje i VM i Holmenkollen i 2016. Då må vi ha økonomisk støtte for å kunne drive på heiltid.

– All PR er god PR

Han vedgår at det ikkje var dei fire skiskyttarane, men VG-journalisten som hadde idéen til nakenstuntet.

– Vi var nok litt nølande i starten, men då han godsnakka med oss forsvann klesplagga fort. Og all PR er god PR, heiter det vel. Dersom det resulterer i sponsorar angrar eg iallfall ikkje.

Dermed fekk VG boltre seg med ordspel som "ribbet til skinnet" og "har utstyret i orden". Og Wold er glad for at han har eit stort gevær til å dekke det mest private.

– Ja, det hadde vore dumt utan eit våpen å gøyme seg bak.

– Håpar på seriøs sponsor

Om det blir eit dameblad som bit på agnet og vil gje dei nakne skiskyttarane økonomisk hjelp har ikkje Asbjørn noko formeining om. I løpet av dagen har han fått nokre fleipete kommentarar, men han håpar oppslaget og kan resultere i noko handfast i form av pengar.

– Eg håpar at vi får ein seriøs sponsor som har lyst å vere med oss på satsinga vår.

(Artikkelen held fram under biletet)

Asbjørn Wold på veg gjennom NM-løypene

SATSAR 100 PROSENT: Asbjørn Wold i NM.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Satsar 100 prosent

For den 22 år gamle skiskyttaren frå Vik og lagkameratane meiner alvor. Dei går på Høgskulen i Lillehammer (HIL) og er viljuge til å satse det meste på å bli skiskyttarar i verkdseliten.

– Eg satsar 100 prosent slik det er no, eg studerer idrett på HIL, men det kjem litt på sida, det går mest i skiskyting. Vi fire satsar på å bli best, tanken er at iallfall ein av oss skal ta medalje i VM i Holmenkollen i 2016, difor har vi arbeidstittelen Team Kollen 2016.

Wold hadde sin første sesong som senior i vinter og var ikkje heilt nøgd med det han presterte. No satsar han på å trene litt annleis og håpar det skal hjelpe han til å ta steget opp blant dei beste.

– Målet er å kunne kjempe mot Svendsen og Tarjei & co.

Asbjørn Wold

HÅPAR PÅ SPONSOR: Asbjørn Wold frå Vik.

Foto: Svein Inge Wold