Hopp til innhold

Dette kan bli den nye storkommunen i Sogn

HØYANGER (NRK): Ein storkommune med Sogndal som kjerne, seglar opp som eit av dei mest aktuelle alternativa for kommunesamanslåing i midtre og indre Sogn.

sognekommune

Sogn regionråd var i dag samla på rådhuset i Høyanger, og der blei det lagt fram eit sjette alternativ for kommunereform: Ei samanslåing av Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster.

For ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand, er dette eit alternativ som tilfredsstiller synet til mange i hans heimkommune.

– Om vi ser på innbyggjarundersøkinga, så ville jo det store fleirtalet innover. Det er jo opp til den einskilde kommune kva løp dei vil leggje for dette. Det må vi ha respekt for, seier Offerdal, som også er leiar for regionrådet.

Lustringane er imot

Den store utfordringa blir uansett Luster kommune. Der har både innbyggjarar og politikarar stått steilt imot alle forsøk på å finne ein modell for kommunereform.

– Det er veldig stor motstand mot kommunesamanslåing, spesielt blant dei politiske partia, men eg trur nok dei har flesteparten av lustringane i ryggen også, seier varaordførar i Luster, Geir Arve Sandvik (H).

Ordførarar i Sogn

SAMLA FOR EIN DAG: Frå v: Ole Simen Nesdal (Sp), varaordførar i Leikanger, Olav Turvoll (Sp), varaordførar i Vik, Jarle Aarvoll (Ap), ordførar i Sogndal, Arild Ingar Lægreid (Ap), ordførar i Årdal, Jan Geir Solheim (Sp), ordførar i Lærdal, Harald Offerdal (Ap), ordførar i Balestrand, og Petter Sortland (Ap), ordførar i Høyanger.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ein storkommune med dei fem kommunane vil få eit landareal på til saman 5381,8 kvadratkilometer, der Luster utgjer rett i underkant av halve arealet.

– Vi er vel den femte største i areal i Sør-Norge. Det er klart at det påverkar haldninga vår, samstundes som eg meiner at vi har veldig gode tenester i Luster. Vi har hatt ein ryddig og god økonomi gjennom mange år, påpeikar Geir Arve Sandvik.

Vil ha fart på arbeidet

Fylkesmann Anne Karin Hamre meiner at sogningane no må fart på arbeidet med kommunereforma, og syner mellom anna til at prosessane i Sunnfjord og Nordfjord har kome mykje lenger.

– Så registrerer eg at det er skepsis mot kommunereforma i Sogn. Men det er i alle fall bra at dei har kome i gang med eit utgreiingsarbeid, seier Hamre.