Hopp til innhold

Dette kan bli middagen til fleire pasientar

Plukkfisken til Runar Gudmundsson har blitt ein slager ved Nordfjord sjukehus, men no kan den bli kjend også fleire stader i fylket.

Runar Gudmundsson -kokkedag helse førde

ISLANDSK PLUKKFISK: Runar Gudmundsson sin plukkfisk kan bli å sjå på middagsfatet til pasientar over heile fylket.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

I samband med eit prosjekt i Helse Førde samla fleire av kokkane deira seg i Førde for å utveksle matrettar og tips til matlaginga, på tvers av kjøkkena.

– Vi kan utfordre kvarandre. Det er ikkje ein konkurranse, men det er veldig kjekt å sjå kva dei andre kan bidra med og kva vi kan utfordre kokkane på sentralsjukehuset på, seier kjøkkensjef i Førde, Elin Haugen.

Delar idear med kvarandre

kokkedag helse førde

SAMARBEID: Gjennom å inspirere kvarandre vil kokkane lage betre mat til pasientane.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

I nysatsinga til Helse Førde skal det bli sterkare fokus på både lokal mat, tradisjonsmat og nye smakar. Målet med samlinga var å setje opp nye menyar som sjukehusa og helseinstitusjonane kan ha i ein slags menybank.

Ein av rettane som truleg går inn i menybanken er den islandske plukkfisken til Runar Gudmundsson. På Eid har den i alle fall vore veldig populær, slår islendingen fast.

– Eg synest det er kjempekjekt å bli kjent med andre og få masse idear. Folk får eigarskap til maten som blir laga her. Kanskje den blir servert til pasientar, ein veit aldri, seier han.

Før samlinga hadde alle kokkane i Helse Førde sendt inn oppskrifter. Onsdag gjekk dei gjennom desse, fortel kjøkkensjef Elin Haugen.

– Vi ser på råvareliste, fiskerettar, suppedessertar, kaker, sesongvarer, frukt og grønt og fisk og kjøt, og så set vi saman noko som vi trur kan leggjast i ein menybank som vi har nytte av seinare når vi skal lage nye menyar.

Sterkare fokus på lokalmat

Og i desse menyane skal det no vere eit sterkt preg av lokalmat.

kokkedag helse førde

LOKALT FOKUS: Helse Førde samarbeider med blant anna Nortura, fortel Hege Inderberg, salskonsulent i Nortura, og avdelingsleiar i Helse Førde, Torstein Solset.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Vi er frå eit fylke som er så gode råvareprodusentar på alt mogleg at vi sviktar dersom vi ikkje tek til oss litt av dette her altså, seier Haugen og ler.

Helse Førde har også inngått samarbeid med lokale produsentar som Nortura for å få dette til. Det er avdelingsleiar Torstein Solset svært glad for. Han vil utvikle gode matrettar for pasientane.

Vi ønskjer å ta utgangspunkt i lokale matrettar og lokale produsentar, og vi ønskjer å profilere maten som ein viktig del av det tilbodet vi skal gi til pasientane våre i Helse Førde.