NRK Meny
Normal

Dette heldt helikoptera på bakken i fleire døgn, og vil halde fram neste veke

Lyn og toreveret som stogga Nordsjø-farten til plattformene førre veke tok ein pause i går, men er tilbake for fullt i dag, og vil halde fram dei neste dagane.

Lyn i Førde

Foto: Alf Vidar Snæland

– Ja, det er lyn og torever i kveld, og det er fare for lyn og tore langs kysten både måndag og tysdag, seier Bjørn Erling Bjørnerud ved Meteorologisk institutt.

Toreveret som herja førre veke heldt helikoptera frå Florø til Nordsjøen på bakken i fleire dagar. Over 1000 frustrerte arbeidarar måtte vente på land.

– Vêret tok ein pause i går, så vi fekk unna mykje av trafikken frå førre veke då, seier lufthamnsjef Siv Merete Stadheim til NRK.

Nye kanselleringar i dag

Men i dag har det igjen vore kanselleringar av tre planlagde turar til Nordsjøen.

– I dag er det vinden som er hovudproblemet, seier Stadheim.

Og det vil blåse godt også dei komande dagane. Måndag vil det vere sørvest sterk kuling langs kysten frå Fedje til Stad. Ved Stad vil det vere full storm. Vinden vil minke tysdag kveld.

Stengde vegar og forseinkingar til sjøs

Vêret har også ført til enkelte problem på vegane og til sjøs i dag.

Sørgåande hurtigbåt frå Nordfjord til Bergen er rundt 30 minutt forseinka grunna vêrforholda.

Riksveg 13 over Vikafjellet er stengd grunna uvêr, og fylkesveg 92 er stengd grunna uvêr og fare for ras på strekningane Matre – Bjordalen og Stordalsstølen – Bjordalen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser