Hopp til innhold

Dette har vore årets varmaste dag

Anten du har brukt dagen til fjells, på jobb, ved sjøen eller på terrassen. Det som er sikkert er at 9. mai er den til no varmaste dagen i 2016.

Fløyen i Fjaler, 9. mai 2016

VARMT OGSÅ I HØGDA: Kortbukse og t-skjorte var varmt nok på fjelltoppen Fløyen 761 m.o.h. i Fjaler måndag. Nede til høgre kan ein skimte Dalsfjordbrua bada i sol.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det er mange stader som har rundt 20 grader eller over, opplyser statsmeteorolog Mette Skjerdal ved Vêrvarslinga for Vestlandet.

Godvêret frå helga har halde fram inn i den nye veka. Klokka 14.00 måndag hadde Stryn og Furuneset yst i Fjaler dei høgste temperaturane i Sogn og Fjordane: 23,4 grader.

Snur i natt ...

Mette Sundvor Skjerdal

STATSMETEOROLOG: Mette Skjerdal ved Vêrvarslinga for Vestlandet.

Foto: Pressefoto

Det er ikkje følgje Vêrvarslinga ingen rekordvarme. Mai er månaden der ein kan rekne med alt frå nattefrost til nærmast tropenetter. Og uføreseieleg som mai er, blir også varmen denne gongen kortvarig. Alt natt til tysdag endrar biletet seg.

– Det blir meir skya enn vi har hatt i dag. Og lågare temperatur, fastlår Skjerdal.

Godvêret frå sør, blir erstatta av kaldare luft frå nord. Men det skal ikkje bli så verst, ifølgje meteorologen.

... men ganske ok

– Det ser ut til å bli ganske greitt framover også, men vi har eit lite nedbørsområde frå nord. Dette går gjennom fylket frå i natt og tidleg på dagen i morgon. Dette kan gi litt regn, spesielt i dei nordlegaste områda. I sør vil det stort sett vere opphaldsvêr.

Den søraust skiftande brisen som har gitt varmt vêr, dreier over på ein nordaustleg retning. Det kjem inn meir kaldluft med liten kuling opp på kysten og opp til stiv kuling ved Stad.

– Temperaturen vil nok gå ned fem, seks, sju grader fleire stader. Mest i nord. Temperaturen stig att onsdag som ser ut til å bli ein bra dag. Men også då vil nordavinden gjere seg gjeldande, seier Mette Skjerdal.

Del dine godvêrsbilete frå sosiale medier med våre lesarar: #nrksf

Laster innhold, vennligst vent..