NRK Meny
Normal

Dette har innbyggjarane venta lenge på

SVÆREFJORDEN/BALESTRAND (NRK): Inge Menes har budd i Farnes heile livet, berre nokre hundre meter frå den rasutsette nabovegen.

Håkon Fivelsdal og Andrzej F. Kaprzyk frå Mesta

VEKK MED STEINAR: Håkon Fivelsdal og Andrzej F. Kaprzyk frå Mesta har akkurat vore oppe i fjellveggen og rydda vekk lause steinar. Dei skal rassikre vegstrekninga Kolvaneset i Sværefjorden dei neste sju vekene.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Ein gong køyrde eg inn i eit snøras. Det var ikkje stort, men hadde eg kome midt under raset kunne det vore kritisk. Då måtte eg hatt hjelp til å kome meg ut, fortel Menes om vegstrekninga mellom Dragsvik og Vetlefjorden på fylkesveg 13.

Menes har opplevd små snøras fleire gonger. Heldigvis har han ikkje fått stein over bilen langs den 250 meter lange strekninga.

– Men eg trur eg har vore nær eit par gonger, seier han.

Ti ras på åtte år

Dei siste åtte åra har det vore ti små steinras på vegstrekninga i Sværefjorden. No skal strekninga sikrast for ras. Vegvesenet, saman med Mesta, er i full sving med å røske lause steinar ned frå fjellskråninga, og fjerne tre som held på steinmassar. Etter kvart skal steinar som ikkje losnar så lett sikrast.

Menes synest det er fantastisk at det blir løyvd pengar til å sikra vegstrekninga nær huset sitt.

– Det har eg venta lenge på, seier han.

Inge Menes frå Farnes

STEIN I VEGBANA: – Fleire gongar når vi har køyrt forbi har det ligge store og små steinar i vegen. Inge Menes fortel at dei ofte køyrer på feil side av vegen og ser opp om det kjem stein ned på bilen.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Burde sikringsarbeidet skjedd tidlegare?

– Ja, det burde eigentleg det. Det vart jo laga noko rasoverbygg for ein del år sidan, så då slapp vi ein del store ras. Men det er jo ofte like farleg med desse smårasa, når det kjem stein og slikt ned i vegen.

Risikofylt arbeid

– Når ein skal gjere denne typen arbeid vil det kunne medføre ein del risiko, seier Leif Henning Øyre i Vegvesenet. Han er prosjektleiar for rassikringa.

Før ein startar arbeidet blir difor arbeidsoperasjonar gjennomgått.

Leif Henning Øyre

MÅ SIKRAST: Leif Henning Øyre er prosjektleiar for rassikringa av vegstrekninga Kolvaneset mellom Dragsvik og Vetlefjorden. Her visar han ein stein som må sikrast. Den heng rett over vegbana.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Ein analyserer kva som kan skje, og lagar prosedyrar som skal hindre at feil ting skjer, og som sikrar arbeidarane.

– Kva om det kjem stein?

– Når ein utfører arbeidet jobbar ein aldri under kvarandre. Det skal aldri vere folk under området der kvar enkelt jobbar. I tillegg sperrar ein vegen for trafikantar.

Sjå under biletet for opningstider av vegen.

Klatreutstyr

KLATREUTSTYR: Somme stader er fjella så bratte at rassikrarane må ta seg fram med tau. Arbeidarane har fått beskjed om å ikkje jobbe under kvarandre i tilfelle steinar losnar.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune