NRK Meny
Normal

Ny forsking: Dette er bra for kolesterolet ditt

Forsking kan slå beina under styresmaktene sine åtvaringar mot å ete for mykje ost og meieriprodukt.

Kullinarisk godbit ?

GODT FOR SÅ MYKJE: Ny forsking viser at gammalost, Norvegia og eit kosthald utan ost fører til lågare kolesterol.

Foto: NRK

– Myten seier at gamalost er bra for både det eine og det andre. Det skal virke på sår og diverse. Det er veldig kjekt at dei forskar på dette, og finn ut at det kan vere noko i desse mytane, seier meierisjef Per Henning Liljedahl ved Tine Meieriet i Vik.

Inga auke i kolesterolet

Ei ny doktorgrad på gulost og gamalost har undersøkt om ost har ein blodtrykksenkande effekt og om store mengder ost påverkar kolesterolnivået.

– Eg venta at dei som åt mykje gamalost skulle få lågare blodtrykk. Men blodtrykket sank også for dei som var i kontrollgruppa til studiet, fortel forskar Rita Nilsen McStay.

Tre ulike grupper var med i forskinga. Den eine gruppa åt 80 gram med Norvegia, den andre gruppa fekk 50 gram gammalost, og den siste gruppa skulle halde seg unna ost.

Deltakarane sitt blodtrykk vart målt, og blodprøver analyserte for kolesterol og blodsukker. I tillegg vart vekt og høgde på testpersonane notert.

Rita Nilsen McStay

FORSKA: Rita Nilsen McStay fann at meieriprodukt ikkje nødvendigvis er så usunt som vi blir fortalt.

Foto: pressefoto

– Eg fann inga auke i kolesterolet hos deltakarane i gruppa med Norvegiaost. Det kan tyde på at meieriprodukt kanskje ikkje har den negative effekten som myndigheitene åtvarar mot, seier McStay.

Ein vanleg Norvegia inneheld 27 prosent feitt, medan gammalosten ikkje har noko feitt.

Osten som kan hjelpe mot sår

I tillegg fann McStay at dei som hadde eit høgt inntak av ost faktisk fekk lågare kolesterol enn dei som ikkje åt ost i det heile.

– Vi fann at også dei som åt gammalost fekk lågare kolesterol. Den inneheld også mykje mindre kalsium enn Norvegia. Det kan verke som det også er andre faktorar i ost som påverkar kolesterolnivået.

Kvifor også dei som heldt seg unna ost fekk lågare kolesterol, kan ha fleire årsaker.

– Alle fekk informasjon om kva blodtrykk dei hadde før forsøket. Det er mogleg at dei som hadde høgt blodtrykk i kontrollgruppa endra kosthald og mosjon i forsøksperioden, sidan blodtrykket ikkje endra seg hos dei som åt Norvegia.

Ja takk, begge deler!

Tusenvis av gamalost

ENTUSIAST: – Eg et både Norvegia og gammalost kvar dag eg, seier meierisjef Per Henning Liljedahl ved Tine Meieriet i Vik.

Foto: Odd Inge Gjeraker / NRK

Meierisjef Per Henning Liljedahl ved Tine Meieriet i Vik kunne sjølv vore med i forsøket. For han et både gammalost og Norvegia kvar einaste dag på sine to brødskiver i lunsjen.

– Gammalost er som kaffi og konjakk. Du må lære å ete det, og då klarer du ikkje la vere, ler han.

Og reiser han ut av landet, er det ein ting som alltid er pakka ned i kofferten.

– På tur er gammalosten alltid med.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.