NRK Meny
Normal

Dette har du kanskje ikkje sett før

SOGNDAL (NRK): Trudde du at det berre var ski eller snøbrett som er tingen for å kose seg i vinterfjellet? Då må du tenkje nytt.

Ski og brett er velkjende framkomstmiddel i snødekte fjellsider. No breier også sykling på snø om seg her i landet.

– Du får litt adrenalin. Nesten på same måte som når du syklar på sti, seier Magnhild Øfstby, etter å ha sust nedover snødekte fjellsida på såkalla fat bike.

Utforkonkurranse på sykkel er kanskje ikkje det ein heilt tenkjer på når ein ser snøen liggje tjukk. Men for einskilde er dette ein sport dei set høgt.

Sykling på stiar og i terreng har vorte stadig meir populært dei siste åra. Også vintertid ser ein stadig oftare syklar.

Vanleg sykkel med uvanleg breie dekk

Men ein må ha skikkeleg utstyr, skal ein klare å sykle på snøen. Fat bike, som har tjukke dekk, er hovudårsaka til interessa for å sykle på snø.

– Teknisk sett er det ein heilt ordinær sykkel med stor bereevne i dekka, seier Bjørn Ness.

Sjølv om nokon meiner snøsykling er glimrande, er det andre som irriterer seg over det nye fenomenet.

– Dei som er vane til å gå på treski i løypene i årevis er ikkje vane til å treffe folk til fjells på ein sykkel som dette, seier Ness.

Sjølv har han ein klar draum om kor han har lyst til å ta sykkelen med.

– Tenk å køyre Jostedalsbreen på langs på sykkel. Det må vere heilt perfekt, seier Ness.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.