Hopp til innhold

Desse offentlege husa har blitt spøkelsesbygg

I offentleg sektor-kommunen Leikanger står om lag 100 offentlege kontor tomme. Ordføraren fryktar det talet aukar når dei store reformene trer i kraft.

Tinghus 2 og 3 på Leikanger

TOMME: Tinghus II (det kvite) og III på Leikanger har eit om lag 3800 kvadratmeter stort areal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Me har vore velsigna med veldig mange offentlege arbeidsplassar. Men me har ikkje hatt ei utvikling i det private arbeidslivet som kan fylla opp tomrommet når me mistar offentlege arbeidsplassar, seier leikangerordførar Jon Håkon Odd (Ap).

Tinghus II og III på Leikanger

2 AV 3 TOMME: Frå venstre: Tinghus III, II og I på Leikanger. I Tinghus I held Leikanger kommune til.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Langs riksveg 55 står det to store blokker frå 50- og 60-talet. Tinghus II og III har tidlegare husa både Fylkesmannen, Statens vegvesen og fylkesadministrasjonen. Men det siste tiåret har dei om lag 80 kontorplassane stort sett stått tomme, med unntak av at Statens vegvesen brukte nokre av kontora då dei pussa opp sitt eksisterande bygg. Spesielt på Tinghus II, den kvite delen, er forfallet tydeleg på utsida.

Tinghus II og III på Leikanger
Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Me har tidlegare vurdert riving av Tinghus II og la Tinghus III stå att. Eit alternativ kan vera å gjera det om til eit bygg med både kontorplassar og leilegheiter. På utsida er ikkje tilstanden på bygget veldig bra, men inni er det ikkje så gale, seier Odd.

Størst tettleik av byråkratar

Statlege arbeidsplassar er svært viktig for Leikanger kommune, som har nesten 700 av dei. Både Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, NAV, Statens vegvesen og Difi har store kontor i den vesle kommunen med litt over 2000 innbyggjarar. I tillegg har Sogn og Fjordane fylkeskommune administrasjonen sin her. Men det er store reformer på gang, og ordføraren meiner kommunen går ei uviss tid i møte på spørsmål om korleis reformene vil påverka Leikanger.

Jon Håkon Odd
Foto: Noralv Pedersen/NRK

– I NAV blir mange arbeidsplassar blir flytta frå Leikanger til Bergen. Me veit ikkje heilt konsekvensane av at Fylkesmannen skal ha hovudsete på Leikanger. Me veit ikkje kva som skjer med Statens vegvesen i samband med ny region. Innovasjon Norge har allereie flytta til Sogndal. Så ja, konsekvensane kan fort bli ganske store for Leikanger, og eg trur me skal sjå alvorleg på det, seier Odd.

– Me er nøydde til å bu oss på at me kjem til å ha færre offentlege arbeidsplassar på Leikanger i framtida, held han fram.

– Is i magen

Fylkeshuset i Sogn og Fjordane

20 LEDIGE: Per no står om lag 20 kontor ledige på Fylkeshuset på Hermansverk. Etter litt interne omrokeringar blir det i delen til venstre det blir ledige kontor.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Nyleg flytta Innovasjon Norge ut frå fylkeskommunen sitt bygg på Hermansverk. Dermed står rundt 20 kontor ledige også i Fylkeshuset, nokre kilometer lenger inn langs Sognefjorden.

– Me vil prøva å leiga ut så raskt som mogleg, seier Paal Fosdal, assisterande fylkesrådmann i Sogn og Fjordane.

– Vil fylkessamanslåinga påverka kor mange kontor de treng på Hermansverk?

– Nei, det trur eg ikkje.

Leikanger kommune har no lagt arbeidet med å finna ut kva dei skal gjera med Tinghus II og III på is, medan dei ventar på at dei skal bli ein del av den nye storkommunen i Sogn, Sogndal kommune.

– Leikanger skal vera administrasjonsstad for nye Sogndal kommune. Me må kartleggja kva for arealbehov den nye kommunen har. Når me veit det, kan me ta stilling til kva me skal gjera med desse bygga.

Tinghus II og III på Leikanger
Foto: Sondre Dalaker / NRK