NRK Meny
Normal

Dette har aldri vore meir populært

Vegard Aasen og kameratane brukar tida si på å klatre på steinar. Buldreklatring har aldri vore meir populært enn no.

Buldring har aldri vore så populært som no

– Dei skal vere tronge, då er dei meir presise og lettare å stå på små fottak, fortel Vegard Aasen.

23-åringen frå Sogn er ein av mange som brukar fritida si på å buldre på store steinar. Ein klatretype utan tau.

– Det er ikkje så skummelt, ein er ikkje høgt over bakken og dett ein ned har ein ei matte som ein dett ned på, forsikrar Aasen.

Populært

– Buldresenteret i Trondheim var så fullt av folk som ville klatre at dei måtte seie nei til nye medlemar ei tid, fortel Aasen.

Også Lars Ole Gudvang i Noregs klatreforbund merkar ei auke for klatresporten.

– Då eg starta med dette for 20 år sidan var det berre eit titals aktive, no er det eit par hundre – og ikkje berre studentar, fortel han.

Til og med ei halvfeit, førti år gamal dame kan klare dette

Vegard Aasen

Klatring og buldring passar nemleg for alle, ung som gamal, jente som gut.

– Klatring er dessutan blitt kåra til den mest sexy sporten dei siste åra, det er jo ein motivasjon i seg sjølv, flirer Aasen

Noko for alle

Alt ein treng for å buldre er ein stor, tørr stein, eit par klatresko og ein kalkpose og ei matte som ligg på bakken i tilfelle ein dett ned.

Kameratane står rundt og heldt hendene i lufta som støtte for den som klatrar. Det er sosialt å buldre, dei motiverer og hjelper på kvarandre i å nå nye mål.

Men er det for alle?

Ja, det er det, smiler Aasen.

– Det er mange forskjellige nivå, men også ei halvtjukk førti år gamal dame med litt spenst og sterke fingre kan klare dette, legg Aasen til.