NRK Meny
Normal

Dette har aldri skjedd før

I fjor på same tid låg det ein meter snø på bana. Første januar i år kunne ivrige golfarar svinge seg på ei nesten vårgrøn bane.

Golfspelarar i aksjon på Vassenden første nyttårsdag 2016

TURNERING: Sesongen starta tidleg for golfarane i Jølster i 2016. Her er dei i full sving med ei uhøgtidleg turnering første nyttårsdag.

Foto: Lena Årseth

– Eg har ikkje spelt golf i Norge før på denne tida av året, så dette var veldig spesielt, seier Arvid Årseth.

Mange heiv seg rundt

Han er ein av dei ivrige golfarane på Vassenden i Jølster. 48-åringen engasjerer seg mellom anna i golftreninga for dei yngste, og har sjølv spelt golf i 15 år.

2016 starta han og 31 andre golfarar i Sunnfjord på ein litt spesiell måte.

– Vi fekk starta sesongen med ei uhøgtideleg turnering i dag, seier Årseth og fortel at det var ei såkalla scrampleturnering.

Dette er ei konkurranseform med fire på lag, der alle slår ut ein ball, og så slår ein vidare på den best plasserte ballen. Slik spelar ein til ein har fått ballen i alle hola på bana, og det er det laget med færrast slag som vinn.

– Vi annonserte konkurransen i går, og det var åtte lag med, altså 32 deltakarar, så det er godt oppmøte, seier Årseth.

Arvid Årseth

MIDTVINTERS: Arvid Årseth har spelt golf sidan 2001. Aldri før har han gjort det på denne tida av året i Norge.

Foto: Lena Årseth

Kan bli ei stund til neste gong

Han seier det for nokre år tilbake var ein golfkonkurranse vinterstid på Vassenden, men den gongen i februar. Sjølv kunne han ikkje delta, fordi han var oppteken med eit alpinrenn i skitrekket Bjørkelia, nokre steinkast unna.

– Så du har på eit vis ein fot i kvar leir?

– Ja, sonen min er aktiv i alpin, svarar Årseth.

På oppfølgarspørsmålet om han har mest lyst på snø eller grøn golfbane er han rask med å svare.

– Eg likar begge deler, og synst vel vi godt kan ha litt snø om vinteren, seier han.

Vêrgudane på si side kan ikkje love naturleg snø med det første på Vassenden. Men det blir ikkje noko meir golfspeling. Frost i bakken gjer det umogleg å spele fordi ein kan skade underlaget, og allereie om kvelden nyttårsaftan kom minusgradene.

– Så det blir nok ikkje meir golf her på ei stund, seier Årseth som likevel seier seg godt nøgd med sesongstarten.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.