Hopp til innhold

Dette graset har sett fyr på idretts-Sogndal

SOGNDAL (NRK): Ein betent strid mellom fotballen og friidretten i Sogndal har hamna på bordet til Kulturdepartementet.

Kvåle stadion, Sogndal

FRIIDRETTSHAMRE: Kulturdepartementet har gitt Sogndal kommune grønt lys til å byta ut dette naturgraset på Kvåle stadion med kunstgras og foreslår ei ny kastbane for spyd, diskos og sleggje på Kaupanger, 11 kilometer unna. Norges Friidrettsforbund har klaga på vedtaket.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Blir det lagt kunstgras på Kvåle stadion, kan ikkje lenger spyd-, sleggje- og diskoskastarar konkurrera der. Regelen er at det skal byggjast erstatningsarena for kast fyrst, slik at den idretten som blir forvist frå eit fellesområde, har eit areal å gå til når kunstgraset blir lagt, seier anleggsansvarleg i styret til Norges Friidrettsforbund, Kalle Glomsaker.

Det er ein gamal idrettsstrid i Sogndal som no har spissa seg til, og som vekkjer nasjonal harme: I mange år har Sogndal kommune prøvd å byta ut naturgraset på Kvåle stadion med kunstgras for å leggja til rette for meir fotball, der aktivitetsveksten er stor. Og 22. september fekk kommunen grønt lys frå Kulturdepartementet.

Men det går altså ut over friidretten og kastarane. Og no er det kome forslag om å byggja ein ny mellombels kastarena i Kaupanger idrettspark, 11 kilometer unna.

Norges friidrettsforbund har klaga på vedtaket til departementet og eit slikt mellombels erstatningsanlegg på Kaupanger - av fleire grunnar:

  • Området på Kaupanger treng omfattande tiltak, som drenering, planering og tryggleikstiltak mot fotballbana som ligg like ved
  • Ei kastbane på Kaupanger ligg langt unna Kvåle stadion
  • Forslaget om Kaupanger som kastarena er kome utan at dei råka idrettsorgana er blitt rådspurde
Kalle Glomsaker, Norges friidrettsforbund

PRINSIPIELT VIKTIG: - Hovudankepunktet er å plassera ein erstatningsarena for kastøvingar 11 kilometer unna det arealet det skal erstatta, seier Kalle Glomsaker, styremedlem i Norges Friidrettsforbund.

Foto: Privat

Kaupanger visste ingenting

– Dette er eit myrete og ubrukeleg område med store høgdeskilnader, og som ligg midt i idrettspark med mange andre aktivitetar, seier Glomsaker, som meiner ein kastarena på Kaupanger reiser fleire nasjonalt prinsipielle spørsmål:

– Mange kommunar har fellesareal for fotball og friidrett. Der er eit konstant press på desse fellesareala, der ei brukargruppe gjerne vil auka aktiviteten sin, men det må ikkje gå ut over den andre gruppa.

Glomsaker er spesielt kritisk til prosessen i saka: Verken idrettslaga i Sogndal og Kaupanger eller kommunen sitt høyringsorgan i idrettssaker - Sogndal idrettsråd - har fått seia kva dei meiner om Kaupanger som mellombels erstatningsarena.

Nasjonalt prinsipiell sak

Ingen av idrettslagsleiarane ønskjer å stilla til intervju, men leiaren i Kaupanger idrettslag, Bjarte Ramstad, har skrive eit skarpt brev til Sogndal kommune:

Kaupanger idrettspark

VÅT MYR: Denne marka ved Kaupanger idrettspark er heilt ubrukeleg som erstatningsbane for kast, meiner Norges friidrettsforbund. Ifølgje friidrettsforbundet er dette biletet teke éi veke etter at det sist har regna.

Foto: Norges Friidrettsforbund

– Kaupanger Idrettslag reagerer negativt på at det ser ut som om det over fleire veker er gjennomført ein prosess om flytting av deler av Sogndal idrettslag sin friidrettsaktivitet til Kaupanger Idrettspark utan at Kaupanger idrettslag er blitt involvert. (...) Vi er og gjort merksam på av Sogndal idrettslag, ved leiar, at dei heller ikkje har vore kontakta om flytting av denne aktiviteten frå Sogndal til Kaupanger, skriv Ramstad mellom anna.

– Ein prosess der idrettslaga og idrettsrådet blir haldne utanfor arbeidet med å finna eit erstatningsanlegg, er ei prinsipiell problemstilling for Norges Friidrettsforbund, som me vil ha vurdert av departementet, seier Glomsaker.

Rådmann: Nei til ny høyring

Rådmann Jostein Aanestad i Sogndal kommune vil ikkje køyra ein ny høyringsrunde. I Kulturdepartementet sitt ja-vedtak viser dei til Kaupanger som ein mogleg mellombels kastarena, men Aanestad meiner ikkje den plasseringa er ein føresetnad for at departementet er positive til kunstgras:

– Kulturdepartementet har på telefon til meg presisert at der ikkje er ein slik direkte kopling. Dessutan kan kastarane framleis trena på Kvåle stadion, og kastøvingar i konkurranse har me ikkje sett på iallfall 15 år.

Jostein Aanestad

INGEN KASTKONKURRANSE PÅ MINST 15 ÅR: - Det akutte behovet for ein erstatningsarena for kast har vist seg å ikkje vera til stades i Sogndal, seier rådmann Jostein Aanestad i Sogndal kommune, her frå eit kommunestyremøte i juni i år.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Då Sogndal kommune i 2009 gjorde vedtak om å starta arbeidet med å få lagt kunstgras på Kvåle, var planen å byggja ein ny kastarena for sleggje, diskos og spyd på ei mark like ved stadion. Men der er det i mellomtida kome ein ballbinge, ei volleyballbane og ei lita kunstgrasbane som gjer at tryggleiken ikkje er god nok. Difor har kommunen sagt at dei vil prøva å finna eit nytt kastanlegg på Kvåle når dei startar arbeidet med ein ny reguleringsplan i løpet av året.

Forslaget kom frå fylkeskommunen

Forslaget om å plassera kastbana inntil vidare på Kaupanger kom frå Sogn og Fjordane fylkeskommune i eit brev til Kulturdepartementet. I dette brevet står det òg at Sogndal kommune meiner at dette anlegget kan ver ei god løysing «som kommunen vil kunne støtte økonomisk».

At forslaget kom frå fylkeskommunen, tykkjer Kalle Glomsaker er merkeleg og påfallande sidan fylkeskommunen ikkje er ein høyringsinstans i idrettssaker i Sogndal kommune.

Assisterande fylkesdirektør for næring og kultur i fylkeskommunen, Ingebjørg Erikstad, forklarar kvifor:

– Me har vist til to areal - det eine på Kvåle, det andre på Kaupanger - fordi det begge plassar kan leggjast til rette for kastøvingar. No må kommunen saman med idrettsmiljøet finna ut korleis dette kan gjerast. Me innser at det er viktig at friidretten også har areal til å utvikla seg på.

Kvåle stadion, Sogndal

KVÅLE STADION: Erstatningsarenaen for kast var i utgangspunktet tenkt på marka framføre dei kvite husa på biletet, men no er det blitt for trongt der.

Friidretten: Ikkje mangel på kunstgras

Kvåle stadion ligg 300 meter frå Fosshaugane Campus, heimebana til Sogndal fotball, og kan bli den femte kunstgrasbana i kommunen. Ei av desse banene er Sognahallen, der det kan spelast fotball heile året.

Norges Friidrettsforbund meiner at det ikkje er mangel på kunstgrasbaner i Sogndal.

Det er rådmann Jostein Aanestad usamd i:

– Dagens baner er allereie mykje brukt, og etterspurnaden er aukande. Me ønskjer mest mogleg aktivitet, og då må me ha anlegg som toler det. Det er breiddeidretten me ønskjer å leggja til rette for når me vil leggja kunstgras på Kvåle stadion.

Håvard Flo skal dyrke nye toppspelarar

HEILÅRS FOTBALL: Sognehallen er éi av fire kunstgrasbaner innanfor ein radius på ti kilometer i Sogndal.

Foto: Heidi-Lise Bakke / NRK

– Anlegg skapar aktivitet

Ingen i Kulturdepartementet ønskjer å stilla til intervju medan dei handsamar klagen frå Norges Friidrettsforbund. Departementet kan heller ikkje seia når ei endeleg avgjerd i saka kan ventast.

Rådmann Jostein Aanestad trur ikkje det vil vera behov for ei mellombels kastbane på Kaupanger i det heile teke:

– Sannsynet for at det skjer, er lite, seier han.

– Friidrettsforbundet har eit klart svar der: Anlegg skapar aktivitet, repliserer Glomsaker.

Glomsaker viser til at Kvåle stadion i 2014 fekk spelemidlar til å renovera anlegget for fotball og friidrett. Og slik friidrettsforbundet ser det, er eit anlegg med kunstgras, men utan kastfelt, ikkje eit fullverdig friidrettsanlegg:

– Det er jo difor me har sendt klagen til departementet: Me ønskjer ein prinsipiell gjennomgang, fordi det følgjer klare krav til ein kommune som får spelemidlar om å halda anlegget i 30 år. Og når det då blir utbetalt pengar til oppussing, og plutseleg den eine idretten blir degradert frå området, er det tid for å ta ein skikkeleg prinsipiell gjennomgang.