Hopp til innhold

– Dette smakte ekstra godt no, for eg har jo ikkje tenner

Torsdag kveld opna sjukeheimen i Førde ein flunkande ny pub. For nokon vart gjensynet ekstra kjærkomme.

Roald Monsen

GLER SEG: – Det smakte godt no, for eg har jo ikkje tenner, veit du. Dette smakte veldig godt, då eg slepp og tygge, humrar Roald Monsen.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Dette smakte herleg, det er fleire år sidan sist, seier Roald Monsen.

Saman med dei andre bebuarane på sjukeheimen i Førde, fekk han torsdag ein kveld litt utanom det vanlege. Då opna den nye baren på Helsetunet.

Dugnadsånd

Kurt Even Andersen og Jorun Eide Kirketeig

HEIDRA: Kommunalsjef for helse og sosial, Kurt Even Andersen (t.v.), overrekte blome til initiativtakar Jorun Eide Kirketeig.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Det har gått sju år sidan Jorun Eide Kirketeig fekk ideen om å bygge pub på sjukeheimen. I mellomtida har fleire sjukeheimar fått nettopp det, mellom anna på Sandane i Gloppen og Nyskogen bu- og omsorgssenter i Arendal.

– Når ein er komen på sjukeheim, så er det ikkje lett å komme seg ut og oppleve slikt som ein kan kose seg med på restaurant. Eg tenkte at vi kunne utnytte arealet betre, seier Kirketeig.

Men Kirketeig er ikkje åleine bak initiativet til ein litt uvanleg møtestad, til ein sjukeheim å vere. For utan lokale ølbryggarar og kameratgjengen som snikra saman bardisken, ville tiltaket vere umogleg.

Bebuarane på sjukeheimen i Førde har fått sin eigen pub.

ETTERLENGTA: Fleire av bebuarane ved sjukeheimen meiner puben er etterlengta.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Det er kjekt å sjå at dei kosar seg. Du ser eit ekstra glimt i desse eldre karane, seier Simon Vie, som sjølv har to bestemødrer på sjukeheimen.

Etterlengta

Bjørg Vie

OFTE: Bjørg Vie var storveges nøgd med ein møtestad for bebuarane på sjukeheimen. – All ære til dei som har styra og ordna slik, seier ho.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Det er lett at dei eldre blir litt gløymde, men vi har ikkje vondt av å stikke innom og seie hei, og ta vare på dei, legg han til.

På eit av borda ved sida av bardisken sit Bjørg Vie med ein øl i handa og smiler stolt. Ho er tydeleg rørt over det barnebarnet og resten av gjengen har stelt i stand.

– Det er heilt fantastisk med ein plass vi kan samlast. Det er veldig kjekt å sleppe å gå ut for å finne ein sosial møtestad, seier ho.

Sett vekk frå gratis øl, stod også quiz, livemusikk og fingermat på menyen. Vie gler seg til liknande kveldar i tida som kjem.

– Det hadde vore grådig kjekt, må eg seie, smiler ho.

Kjærkomme

Blant bebuarane som fann storforma denne torsdagskvelden var Monsen. Han var over seg av begeistring for det nye initiativet.

– Eg elskar jo øl, så dette smakte vedunderleg, jublar han.

Bergensaren fortel at han har lengta etter å kunne ta seg eit slikt øl i blant.

– Eg har budd her i tre år, men har ikkje våga å gå ned og spørje om dei har ein øl. No har eg fått det og det smakte godt, etter gammalt, gliser han.