NRK Meny
Normal

Dette gjer politikarane når dei blir hetsa på nett

Fram mot valkampen er politikarane i høgberedskap på sosiale medium for å prøva å hindra at debattane går frå politikk til personhets.

Frank Willy Djuvik på Sunnfjord hotell

SJEKKAR FACEBOOK OFTE: Frank Willy Djuvik og dei andre i Framstegspartiet sjekkar ofte kommentarfelta på Facebook for å hindra personhets.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Val

Med knappe tre veker til stortingsvalet, er det høgsesong for politiske utspel og debattar på nettet. Debattar som av og til spinn heilt ut av kontroll i retning sjikane og hets av politikarane.

Politikartoppane nasjonalt får ofte gjennomgå i kommentarfelt, men heller ikkje fylkes- og lokalpolitikarane går klar av hetsen.

Blir kursa i å handtera hets

– Om me slettar eit innlegg, kan folk skulda oss for å hindra debatt. Det skal mykje til å sletta innlegg. Men når det er direkte personkarakteristikkar av andre, oppfordring til kriminelle handlingar eller draps- eller valdstrugslar, då blir det sletta, seier Frank Willy Djuvik, gruppeleiar for Framstegspartiet (Frp) på Fylkestinget og valkampleiar for Sogn og Fjordane Frp.

Frank Willy Djuvik

GIR OPPLÆRING: Frank Willy Djuvik og Frp gir opplæring i korleis handtera netthets.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Dei tilbyr kurs til sine partimedlemmer i bruk av sosiale medium, der å handtera netthets er ein viktig del av opplæringa.

– Men når du blir utsett for denne hetsen, så hjelp det ikkje kor mykje opplæring og informasjon du har fått i forkant. Det er kanskje spesielt vondt for familie og vener å sjå folk bli karakterisert på alle moglege måtar fordi dei er politikarar og har meiningar, seier Djuvik.

– Konfronterer trolla

Vibeke Johnsen, førstekandidat for SV i Sogn og Fjordane

KONFRONTERER HETSARAR: Vibeke Johnsen i SV.

Foto: Espen Breivik / NRK

I Sosialistisk Venstreparti (SV) har dei av og til teke direkte kontakt med vedkomande som har hetsa for å konfrontera dei med det.

– Då har dei spurt dei som har hetsa «kva meiner du? forstår du kva du har sagt?». Nokon moderer seg veldig, andre meiner det er sin fulle rett å sjikanera på nett, seier Vibeke Johnsen, førstekandidaten til Sogn og Fjordane SV.

Om nokon blir hetsa, blir det mobilisert til at partifellar kjem inn i debatten for å støtta opp om vedkomande som har blitt sjikanert.

– Det viktigaste er at dei som opplever netthets ikkje står åleine mot nettrolla, men kjenner dei har eit parti i ryggen, seier Johnsen.

Kan gå ut over rekrutteringa

Djuvik i Frp fryktar i verste fall at hetsen skremmer folk frå å delta i politikk og debattar.

– Ungdomar har ikkje lyst å engasjera seg politisk når dei ser korleis politikarar, og andre offentlege personar, blir hetsa på nett. Veldig mange vegrar seg då mot å ha sterke, politiske meiningar, seier han.

Karianne Torvanger

VART HETSA: Karianne Torvanger i Arbeidarpartiet.

Foto: Privat

I 2015 vart arbeidarpartipolitikar Karianne Torvanger hetsa på Facebook .

– Det var krevjande når det stod på. Den episoden har gjort at eg tenkjer meg om ein ekstra gong før eg går inn i ein debatt på nett, seier Torvanger.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå