Hopp til innhold

Dette har Nils (72) gjort sidan han var ein neve stor

Med sjølvlaga krabbeteiner har Nils Fløholm (72) gjeve mange sunnfjordingar delikatesse på bordet opp gjennom åra.

NRK var med pensjonist Nils Fløholm på krabbefiske i Førdefjorden.

SJÅ VIDEO: NRK var med Nils Fløholm då han skulle ta opp krabbeteinene. (FOTO: GRO RAVNESTAD/NRK)

Oppvaksen ved Brufjorden, er sjølivet for Nils Fløholm, som dei seier i Tine-reklamen; Han «må ha det, berre må ha det».

Krabbefiske med Nils Fløholm

MAT: – Her skal det vere mykje god mat, seier fritidsfiskar Nils Fløholm og held opp ei av krabbene han fekk i teinene.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Ja, det må eg. Dette har eg gjort sidan eg var ein neve stor. No har eg det som hobby, seier 72-åringen.

Er nøye på krabba

Pensjonisten har vore på sjøen heile livet. Han set både krabbeteiner og garn, og laurdagane sel han fisk utanfor Coop-butikken i Naustdal.

Taskekrabba kan ein fange heile året, men dei aller beste får ein på førsommaren, i mai og juni, og aller helst i slutten av september og starten av oktober.

Kvar dage gjennom heile hausten klatrar Fløholm dei par meterane ned i båten og legg utpå Førdefjorden, med sjølvlaga krabbeteiner som gjev glede til mang ein sunnfjording.

Krabbefiske med Nils Fløholm

FANGST: Noko av fangsten Nils Fløholm fekk då NRK var med på krabbefisket.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Og han er nøye på kva krabbe han beheld.

– Dette er ei vasskrabbe. Den er det ikkje mykje mat i, seier han om ei lys og blaut krabbe i teinen før han kastar den på fjorden att.

Heller kvalitet enn mengde

NRK var med Fløholm då han skulle dra opp krabbeteinene som var sett i fjorden rundt Stavang.

– Her er det mindre mengde, men meir mat i krabbene. Skal ein ha mengde må ein på andre sida av fjorden, men dei har ikkje så mykje mat i seg, fortel 72-åringen som tidlegare har vore både yrkesfiskar og industriarbeidar.

Han har jobba som sveisar både i Førde, Florø og i Molde.

Tunge drag

Sjølv for ein tidlegare industriarbeidar blir det mange tunge drag når krabbeteinene skal opp frå 20–30 meters djupne.

– Men det har vore spesielt dårleg med krabbe i år. Eg veit ikkje, men det har jo vore mykje fint vêr, seier han og opnar ei krabbeteine. Etter nokre teiner med heller magert innhald, glimtar han til.

– Når det blir slik storleik på dei, så er det brukbart. Her var det fire skikkelege krabber, som det skal vere godt med mat i, seier han og fortel om ei stor hokrabbe og nokre litt mindre, men like fullt, hannkrabber fulle i mat.