Hopp til innhold

Odd (100) kjempa mot tyskarane: – Rett etter krigen blei det mykje tankar

VIK I SOGN (NRK): Ingen andre fylke i Noreg hadde så mange menn i harde krigskampar i april 1940 som Sogn og Fjordane samanlikna med innbyggjartalet, viser nytt historieverk.

Odd Borlaug, veteran frå kampane i Valdres

HEIDRA FOR VALDRES-INNSATS: Veteran Odd Borlaug (100) var ein av over 1000 soldatar frå Sogn og Fjordane som blei utsette for så harde påkjenningar i krigen i 1940 at dei var i risikogruppa for å utvikla psykiske seinskadar. I 2015 fekk Borlaug regjeringas minnemedalje «Takk for din innsats 1939–45».

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Rett etter krigen blei det mykje tankar.

Heime i stova i Vik i Sogn leitar Odd Borlaug (100) fram ein forgylt minnemedalje. Medaljen fekk han frå regjeringa 75 år etter at han kom heim frå dei harde kampane i Valdres i april 1940.

Krigen sette varige spor i sinnet.

– Det blei vel litt tungt for mange. Men du blei utkommandert, og då måtte du vera med på det som føregjekk.

Borlaug var ein av mange unge menn frå Sogn og Fjordane som i april 1940 blei mobiliserte, og som var med i harde krigskampar mot den tyske okkupanten.

  • Mellom 55–60 000 norske soldatar deltok i krigen i 1940.
  • Kring 8000 av desse blei utsette for så harde påkjenningar at dei var i risikogruppa for å utvikla psykiske seinskadar.
  • Av desse 8000 kom over 1000 soldatar frå Sogn og Fjordane. Det kjem fram i eit nytt stort historieverk om vestlandsfylket «Soga om Sogn og Fjordane». Soldatane blei sende til Valdres og kom i harde kampar med framrykkande tyske styrkar.
Tyske soldater i kamp ved Valdres, 1940.

TEKNOLOGISK OVERLEGNE: I Valdres hadde tyskarane to ting som nordmennene mangla: fly og panserstyrkar. Til slutt var det dei uavbrotne flyangrepa som sleit ut nordmennene.

Foto: Norsk hjemmefrontmuseum

Overraska

– Då eg såg det samla omfanget, måtte eg heva augebrynet, seier Oddmund Hoel, historikar ved Høgskulen på Vestlandet og éin av forfattarane bak historieverket.

– Unge menn frå Sogn og Fjordane har delteke, samanlikna med folketalet, i hardare kampar i eit større omfang enn noko anna fylke.

Det er ikkje gjort tilsvarande utrekningar for andre fylke, men Hoel meiner det er lite sannsynleg at det finst andre regionar, der ein så stor del blei utsette for så harde påkjenningar.

Mobilisering

Derimot slapp Sogn og Fjordane unna dei store påkjenningane som sivile blei utsette for i 1940, som bombinga av Molde og Voss, og bygdene i Valdres og Gudbrandsdalen.

Oddmund Hoel, Høgskulen på Vestlandet og forfattar av fylkessoga for Sogn og Fjordane

NYTT HISTORIEVERK: Historikar Oddmund Hoel ved Høgskulen på Vestlandet er ein av forfattarane av «Soga om Sogn og Fjordane»

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det forklarar kvifor mobiliseringa i vestlandsfylket kunne skje relativt uhindra.

– Historia om 9. april og krigen i 1940 har vore at tyskarane overrumpla dei norske styrkane, at mobiliseringa gjekk i stå, og at store avdelingar overgav seg utan kamp. Men det som prega Vestlandet, var at tyskarane berre kom til Stavanger og Bergen. Mobiliseringa av Vestlandsbrigaden, den såkalla 4. brigaden, som skulle møtast på Voss, kunne difor føregå stort sett uhindra, seier Hoel.

Godt organisert og utrusta

Dette gjorde at militæravdelingane fekk tid til å organisera seg og bli utrusta. Vestlandsbrigaden på Voss med 6000 soldatar var difor klare til kamp ei knapp veke etter den tyske invasjonen.

Samstundes blei dei norske styrkane i aust blei pressa oppover i Gudbrandsdalen og Valdres. Hærleiinga bestemte då at Vestlandsbrigaden skulle sendast over fjellet.

Tyske soldater i kamp ved Valdres i april 1940.

HARDE KAMPAR I VALDRES: Dei tyske soldatane som kjempa i Valdres i april 1940, møtte sterk motstand frå utrusta og organiserte soldatar frå Vestlandsbrigaden.

Foto: Norsk hjemmefrontmuseum

Éin av dei som blei sende rett til fronten for å avløysa utslitne austlandsavdelingar i Valdres, og som med ein gong kom i harde kampar mot tyskarane, var Odd Borlaug.

Opplevingane frå dei harde krigskampane har vore tunge å bera for mange, fortalde krigsveteran Odd Borlaug tidlegare i år.

– Kan minna frå Valdres koma tilbake i dag?

– Ja, dei kan det, dei kan det, seier Borlaug.