NRK Meny
Normal

Dette flygebladet terga opp stortingspolitikar

Ei veke før valet fekk eit ukjent tal innbyggjarar i Vik eit usignert opprop i postkassene sine. – Skittent politisk spel, seier stortingspolitikar frå Høgre.

Flygeblad lagt i postkassene i Vik - Torill Eidsheim

GIR IKKJE OPP VIKAFJELLSVEGEN: – Eg synst det var leitt at vi ikkje har funne prioritering for Vikafjellet i NTP, men eg har ikkje tenkt å gje meg med å jobbe for Vikafjellet på sikt, seier Torill Eidsheim. Ho let seg irritere av flygebladet (til venstre i bilete).

Foto: Privat/Høgre

Val
Flygeblad i postkassene i Vik

TYDELEG BODSKAP: Ingen av dei NRK har snakka med i dag kan seie noko om kor mange innbyggjarar som har fått dette flygebladet i postkassa si.

Foto: Privat

Bodskapen på papirlappen er ikkje til å misforstå. Brotne løfter om Vikafjellsvegen bør få vikjene til å styre unna regjeringspartia og KrF når dei går til valurnene.

– Problemet med flygebladet er at ein ikkje signerer med namn. Det er eit anonymt brev med ei spesifikk oppmoding om å sjalte ut nokre parti frå stortingsvalet. Det synst eg er ugreitt spel, seier Torill Eidsheim som sit i Transport- og kommunikasjonskomiteen for Høgre.

Etterlyser avsendar på brevet

– Ein svart dag for Vik, sa Vik-ordførar Olav Turvoll frå Senterpartiet då det i april i år vart klart at Vikafjellstunnelen er ute av Nasjonal Transportplan. Han var klar på at det å utelate tunnelen over det vêrutsette Vikafjellet var eit løftebrot av dimensjonar.

Og at nokon i Vik er grådig skuffa er kanskje flygebladet som dumpa ned i postkassene eit bevis på. Torill Eidsheim i Høgre meiner det er vanskeleg å slå tilbake mot oppropet når ein ikkje veit kven det kjem frå.

– Det forundrar meg at det ikkje stå kven som er avsendar på brevet. Eg kan ikkje fri meg frå at dette vitnar om eit litt skittent politisk spel.

Roy Egil Stadheim

IKKJE LURT: Roy Egil Stadheim i Vik Ap meiner det ikkje er greitt å sende ut flygeblad utan å signere med avsendar. Også i Vik Senterparti nektar dei for kjennskap til flygebladet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Kan vere kven som helst

I Vik Arbeidarparti nektar leiar Roy Egil Stadheim for å ha noko med flygebladet å gjere.

– Eg kan garantere at vi ikkje har noko med dette å gjere.

Sjølve innhaldet meiner Stadheim ikkje er verre enn mykje anna som kjem ut opp gjennom valkampen, men å ikkje kunne skrive under meiner han er ein uting.

– Kven trur du kan stå bak?

– Vikjene vart godt forbanna når heile Vikafjellsvegen vart teken ut av Nasjonal Transportplan – så det kan vere kven som helst.

Vil heller ha framsnakking av eigne saker

Nestleiar Asbjørn Grindedal i Vik Senterparti tek også avstand frå flygebladet. At folk er bitre er han veldig klar over, men:

– Eg vart eigentleg litt irritert og tenkte at dette fort kan slå tilbake på Senterpartiet. Og det er ikkje bra.

– Kvifor trur du dette skal slå tilbake på dykk?

– Dette er ikkje nokon fin måte å gjere dette på. Eg meiner ein må framsnakke sine eigne saker, og ikkje snakke om andre sine saker når ein skal drive med politikk.

Leiar i Sogn og Fjordane Høgre, Vidar Grønnevik, seier dei førebels ikkje har planar om å gjere noko stort ut av å fri til veljarane i Vik.

– Vi trur kanskje ikkje det lønner seg å gå inn i ei slik meiningsutveksling når avsendar er ukjent.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.