NRK Meny
Normal

Dette fekk Ragnar og dottera til å krangle om plassen

Då Ragnar Myre på Kvalheim i Vågsøy gløtta ut kjøkkenglaset i ettermiddag fekk han sjå vintersola i ei spesiell innpakning.

Dette lyset fekk Ragnar Myre og dottera til å krangle om plassen

SOL OG SNØ: Bilete er teke rundt klokka 14 i ettermiddag, og viser sola som bryt gjennom skyene samtidig som snøen lavar ned på Kvalheim i Vågsøy.

Foto: Ragnar Myre

Familien i Nordfjord hadde vore på julehandel og skulle til å sette seg til bords for å ete rømmegraut til lunsj då dei oppdaga det spesielle lyset utanfor.

Ved første augekast kan det nesten sjå ut som det er ein stor lyskastar som står på toppen av fjellet, men Myre kan fortelje at det er sola som lyser opp fjellområdet på ein spesiell måte.

– Det var heilt tilfeldig at eg såg ut glaset. Så då treiv eg mobilen og opna opp glaset for å ta bilete, fortel han.

Med utsikt mot Torskangerpollen og Færestrand er Myre van med å sjå korleis sola akkurat klarer å krype over fjella no vinterstid. I dag har vêret veksla mellom snøbyer og sol, men akkurat denne vesle stunda vekk dei begge deler på same tida.

– Det var over veldig fort. Eit halvt minutt etterpå såg vi ingenting til sola.

Både han og dottera fekk fram mobilen i løpet av den tida, og fekk knipsa bilete av den flotte vintersola. For å få til det nærast slost dei om plassen framfor kjøkkenglaset.

– Eg såg med ein gong at det var eit spesielt lys. Men vi fekk ikkje tida til å finne fram andre kamera, så det måtte bli med mobil.

Myre har delt bilete med oss ved å merke biletet sitt med #nrksf på Instagram. Vi vil veldig gjerne vise fram bilete frå heile Sogn og Fjordane, og håpar du vil gjere det same.

Her kan du sjå heile galleriet vårt, der alle som har merka bileta sine med #nrksf på Instagram har fått plass. Du kan også lese meir om korleis du legg til bileta dine på kartet vårt.

Laster innhold, vennligst vent..