Hopp til innhold

Dette får Sogn og Fjordane ut av NTP

Frå før har regjeringa og samarbeidspartia lekka fleire store prosjekt som ligg inne i nasjonal transportplan. I dag er første gong vi får sjå heilskapen for fylket vårt i NTP.

Gullkista mellom Byrkjelo og Sandane

FLASKEHALS PÅ E39: Her ser vi gullkista mellom Byrkjelo og Sandane på E39, ein av flaskehalsane som no skal utbetrast etter planane i nasjonal transportplan

Foto: NRK

Nasjonal transportplan er ein overordna plan for nasjonale samferdsleprosjekt som går over 12 år. Kvart fjerde år gjer Stortinget ein revisjon av planen, og det er alltid knytt stor spenning til kor regjeringa ønskjer å bruke pengar på samferdsle.

Denne gongen har regjeringa og samarbeidspartia Venstre og KrF vorte samde om grepa i NTP, og dei har dermed fleirtal i Stortinget for å få igjennom planen sin.

Dette er alt som ligg inne i NTP

Første periode (2018-2023):

  • Utbetring av E39 mellom Myrmel og Lunde i Gaular til 500 millionar
  • Rassikring av riksveg 5 i Kjøsnesfjorden i Jølster til 1,1 milliardar
  • Bygging av Stad skipstunnel til 1,5 milliardar

Andre periode (2024-2029):

  • Utbetring av hamna i Florø og i Kalvåg til 170 millionar
  • Bygging av Stad skipstunnel til 1,2 milliardar kroner
  • Utbetring av E39 med tunnel forbi Vadheim til 1,1 milliardar kroner
  • 1 milliard til utbetring av E30 mellom Byrkjelo og Sandane
  • 700 millionar til utbetring av E39 på Skjersura mellom Årdal og Ålhus i Jølster
  • Utbetring av E39 gjennom Våtedalen i Gloppen til 1,3 milliardar
  • Rassikring av E16 mellom Gudvangen og Stalheim i Nærøydalen til 1,7 milliardar

1 milliard til Byrkjelo-Sandane

Eit av prosjekta i NTP som vart avslørt for første gong i dag er ei satsing på ein milliard kroner for å ruste opp E39 mellom Byrkjelo og Sandane i Gloppen kommune. Vegen har i dag fleire flaskehalsar og ulukkeutsette område.

– No får vi snart avgangar kvart 20. minutt på ferjestrekka Anda-Lote. Då er det heilt naudsynt å få til ei opprusting av denne vegen, seier førstekandidat for KrF i Sogn og Fjordane Tore Storehaug om prosjektet.

Byrkjelo-Sandane ligg inne i andre periode av NTP, noko som tyder at det ikkje vil skje noko i neste stortingsperiode.

Les også: Store forventningar til NTP

Bjørn Lødemel presenterer planane om Stad skipstunnel

PRESENTERTE STAD SKIPSTUNNEL: I strålande sol presenterte regjeringa og samarbeidspartia ein lekkasje frå årets NTP, nemleg at dei vil bruke 2,7 milliardar på å byggje verdas første skipstunnel i Selje.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det meste har vore kjent frå før

Gjennom planlagde lekkasjar dei siste vekene veit vi frå før at Sogn og Fjordane får pengar i NTP på det følgjande.

Kjøsnesfjorden

VIL RASSIKRE: Samarbeidskameratane vil også bruke store pengar på rassikring av vegen mellom Skei og Sogndal i Kjøsnesfjorden. I 1999 omkom det ein person etter eit steinras på denne strekka, og i 2003 vart ein annan person lam etter at han mista begge beina i ei rasulukke.

Ingenting til Vikafjellet

I 2013 fekk den raudgrøne regjeringa 100 millionar kroner til bygging av Vikafjellstunnelen inn i andre planperiode av NTP, altså i slutten av ein tiårsperiode fram mot 2023.

Trafikkert E39 i Gaular

RUSTAR OPP E39: med 500 millionar kroner vil regjeringa og samarbeidspartia ruste opp flaskehalsen mellom Lunde og Myrmel i Gaular kommune.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Den gongen meinte H, Frp og KrF at regjeringa burde ha gått endå lengre og fått det inn i den første planperioden. No sit dei sjølv med makta, og fasit er at det ikkje er sett av meir pengar til Vikafjellstunnelen. Prosjektet er heilt ute av transportplanen.

Også for Strynefjellet har det vore knytt forventingar til pengar frå dagens framlegging av NTP, men heller ikkje her har regjeringa innfridd.