Hopp til innhold

Her er alle budsjettsakene for fylket

Subseautdanning, skattejobbar og flaumpengar. Her er konsekvensane for Sogn og Fjordane i forslag til revidert nasjonalbudsjett.

Finansminister Siv Jensen (Frp)

PENGAR: Finansminister Siv Jensen (Frp) legg fram regjeringa sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Finansminister Siv Jensen (Frp) la i dag fram revidert nasjonal budsjett. Det blir dryssa pengar over ei rekkje store og små prosjekt, også i Sogn og Fjordane.

Subseautdanning

Staten overtek ansvaret for subseautdanninga i Florø. Så langt har det vore ein lokal dugnad der næringslivet har spytta inn 18 millionar kroner dei siste tre åra. No er det Kunnskapsdepartementet som skal finasiere 24 studieplassar.

Skattejobbar til Eid

Nordfjordeid får 15 nye arbeidsplassar når skatteoppkrevjarfunksjonar blir flytta hit. Dei skal særskild jobbe med å avdekkje arbeidslivskriminalitet og skattesvik. I tillegg blir det 6 slike stillingar i Førde og 14 i Leikanger. Dei andre kommunane i fylket mister sine totalt 22 stillingar.

Flaumpengar

Kommunane som vart råka av flaumen i vinter får pengar til oppattbygging. Her i fylket går ni millionar til å reparere brufundament i Lærdal, Langhuso og Gudvangen på E16 og reparasjon av stikkrenner og rasvoll i Våtedalen og Kjøsnesfjorden på E39 og riksveg 5. I tillegg er det ein del mindre skadar på riksvegnettet elles.

Måløyraidsenteret

Måløyraidsenteret får 600.000 kroner til drift av Kulturdepartementet. I tillegg har Forsvarsdepartementet tidlegare lova 3,3 millionar til å byggje senteret. Dette ligg ikkje inne i revidert nasjonalbudsjett, men lovnaden om pengar er gjeve.

Bjørset - Skei

Regjeringa løyver 20 millionar kroner i oppstartsløyving for å utbetre og rassikre E39 mellom Bjørset og Skei. Dermed ligg det an til oppstart til hausten. Totalt kostar prosjektet 700 millionar som ikkje er på plass.

Ferjeavløysing i 40 år

Regjeringa innfører ferjeavløysingsordning for fylkesvegar. Landsmøtet i Høgre jubla då kommunalminister Jan Tore Sanner (H) lanserte dette i april. No føreslår regjeringa at ordninga skal vare i 30 år, like lenge som på riksvegar. Det vil seie at ein kan byggje bru eller tunnel for det det ville kosta å drive ferjesambandet. Men stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) seier til NRK det er fleirtal på Stortinget saman med Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg folkeparti for auke ordninga til 40 år.

Senka elavgift på datalagring

Regjeringa senkar elavgifta for datasenter. Dette kan bety mykje for planane om datalagring i Lefdal gruve i Vågsøy og Bluefjords i Luster. Reduksjon verkar frå 1. januar 2016.