Hopp til innhold

Dette er ungdomane som skal ta opp arven

Om ein knapp månad skal dei beste vektløftarane i fylket måle krefter med dei beste i Europa. I helga målte dei potensielle arvtakarane deira krefter i NM.

Vetkløftarar frå Sogn og Fjordane på junior-NM i Gjøvik

STERKE UNGDOMAR: Desse ungdomane representerte Sogn og Fjordane under junior-NM i vektløfting i Gjøvik denne helga.

Foto: Ola Bergheim

Til saman 11 løftarar frå Sogn og Fjordane deltok i helga under junior-NM i Gjøvik. Over halvparten av dei tok heim edelt metall.

– Eg er veldig godt nøgd, seier leiar i Sogn og Fjordane Vektløftarkrins, Ola Bergheim.

Duka for eit generasjonsskifte

Han gler seg stort over å sjå at det gror godt i arverekkene etter det han kallar den gylne Tambarskjelvar-årgangen. Dei han snakkar om er Vebjørn Varlid, Sindre Rørstadbotnen, Jantsen Øverås, Marit Årdalsbakke og Ine Andersson. Alle løftarar for Naustdal-klubben Tambarskjelvar.

For når du har høyrt om vektløfting i Sogn og Fjordane dei siste åra, så har det som regel vore om løftarar frå nettopp denne klubben.

– Vi har hatt ein fantastisk Tambarskjelvar-årgang som no har rykka opp. No er dei mellom 20 og 25 år og er EM-deltakarar for senior, seier Bergheim.

Sterke glopparar

Som leiar for vektløftargruppa i Breimsbygda IL ser han at det lokalt har vakse fram eit stort og godt vektløftarmiljø. Av dei 11 lokale løftarane på NM var ti av dei frå Gloppen, fordelt på klubbane Breimsbygda IL og Brodd IL.

– Seks av dei elleve går i tiandeklasse på ungdomsskulen, så Gloppen ungdomsskulen er nok den sterkaste i Norge, seier Bergheim stolt.

Han seier Tambarskjelvar framleis er flaggskipet for vektløfting i fylket, både på herre og kvinnesida på senior, men gler seg stort over framveksten av unge, lovande løftarar i eige nærområde.

– Eg håpar fleire av dei vil satse også når dei blir litt eldre, seier han og gler seg over at ungdomane skal vere med i dugnadsgjengen under EM i Sunnfjord i april.

Oppsummering av løftinga til dei lokale utøvarane i NM:

To gull: Robert Andre Moldestad frå Breimsbygda IL i klasse 62 kg og Hans Sande frå IL Brodd i klasse 94 kg.

To sølv: Marcus Røed Frøyset frå IL Brodd i klasse 69 kg og Ole-Kristoffer Sørland frå Breimsbygda IL i klasse 105 kg.

To bronse: Bjarne Bergheim i klasse 85 kg og Leiv Arne Støyva Sårheim i klasse +105 kg, begge desse frå Breimsbygda IL

Tre stykk på den såkalla «sure »4-plassen: Julia Jordanger Loen frå Breimsbygda i klasse 58 kg, Vilde Sårheim i klasse 69 kg, også frå Breimsbygda, og Vemund Holstad frå Tambarskjelvar IL i klasse 77 kg

Ein stykk 5-plass: Maithe Eilander frå Breimsbygda i klasse 58 kg og ein stykk 6-plass: Håkon Hjelle Roset frå IL Brodd i klasse 77 kg.