NRK Meny
Normal

Dette er Terra-saka

Terra-saka handlar om åtte kommunar si gambling med framtidige kraftinntekter. Ei gamlbing som til slutt endte med giganttap.

Terra Securities

FORMDILA INVESTERINGANE: Selskapet Terra Securities gjekk konkurs i november 2008.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Haugesund rådhus

HAUGESUND KOMMUNE: Plasserte 227 millionar kroner i kraftfond.

Rådhuset i Svelgen, Bremanger kommune

BREMANGER KOMMUNE: Plasserte 350 millionar kroner.

Foto: Ottar Starheim / NRK
Rana Rådhus

RANA KOMMUNE: Plasserte 297 millionar kroner.

Foto: Billy Jacobsen
Kommunehuset i Vik

VIK KOMMUNE: Plasserte 149 millionar kroner.

Foto: Ottar Starheim / NRK
Narvik Rådhus

NARVIK KOMMUNE: Plasserte 242 millionar kroner.

Foto: Mathis Eira / NRK
Rådhuset i Hemnes

HEMNES KOMMUNE: Plasserte 84 millionar kroner.

Foto: Billy Jacobsen / NRK 2009
Hattfjelldal rådhus

HATTFJELLDAL KOMMUNE: Plasserte 103 millionar kroner.

Foto: Billy Jacobsen
Rådhuset i kvinesdal

KVINESDAL KOMMUNE: Plasserte 43 millionar kroner.

Foto: Andy Syvertsen, Kvina Fotosenter

Saka starta å rulle då det vart kjent at at fire nordlandskommunar hadde lånt pengar med sikkerheit i framtidige kraftinntekter. Pengane var investert i kompliserte fondsprodukt med høg risiko i USA gjennom storbanken Citibank.

Etter at saka byrja å utvikle seg, viste det seg at også kommunene Vik, Bremanger, Haugesund og Kvinesdal hadde gjort liknande investeringar. Og verst var stoda for Bremanger, som hadde plassert 350 millionar kroner i såkalla hedgefonds.

Saka vart først kjent i media då journalist Morten Hofstad i Finansavisen, no redaktør i Helgelands Blad byrja å skrive om saka i oktober 2007. Hofstad vart i 2008 tildelt Skup-prisen for avsløringa.

Investeringane viste seg å vere i strid med kommunelova, og kommunane måtte etter tur selje seg ut av investeringane under tvang, med enorme tap.

Berre i NRK sitt nettarkiv finst det over 1100 artiklar om Terra.

Bobla sprakk

Hausten 2007 sende finanskrisa den amerikanske kredittmarknaden i kne. Marknaden flaumde over av rotne bustadlån utan reelle verdiar, storbankar gjekk over ende, og verdien av dei åtte norske kommunane sine investeringar sokk som ein stein. For å unngå ytterlegare tap, fekk kommunane krav på seg til å gå inn med garantiar for ikkje å tape alt ein hadde investert.

Oppvask

Etter konkursen i Terra Securities fremja dei åtte kommunane krav om til saman nær 1,5 milliardar kroner i buet.

Kommunane fekk ingen verdiar ut, og bestemte seg i september i 2008 for å trekkje långjevarane DnB NOR og Depfa Bank til ansvar gjennom å slutte å betale på låna. Kommunane sin påstand er at bankane sine utlån til Terra-investeringane var i strid med kommunelova, som bankene har eit sjølvstendig ansvar for å halde seg til.

Dette er utviklinga i saka

  • 1999-2000:
  • Marknadsprisen for straum er lågare enn prisen kommunane må betale for konsesjonskraft (sjå forklaring under). Fleire kommunar er aktivt søkjande for å få opp avkastinga av konsesjonskrafta, blant dei er Rana i Nordland og Vik i Sogn og Fjordane. Haugesund engasjerer Terra som forvaltar.

Konsesjonskraft: Kraftkommunar og fylkeskommunar har rett til å kjøpe ei bestemt mengde kraft til ein politisk fastsett pris. Når prisen ligg under marknadspris, kan kommunane selje krafta vidare og ta fortenesten.

  • 2001-2003:
  • Terra Kapitalforvaltning, seinare Terra Securities, lanserer sitt konsept med lån mot ti års avtalt fastpris på konsesjonskraft. Pengane blir plassert i verdipapir med høgare avkasting enn rentemarknaden generelt. Dei åtte kommunane gjer sine første investeringar.

  • 20. september 2002:
    «Vik-brevet.». Etter førespurnad frå rådmanne i Vik, slår Kommunal- og regionaldepartementet fast at låneopptaket Vik kommune har gjort med sikkerheit i framtidige konsesjonskraftinntekter ikkje er å sjå på som lån i kommunelova si forstand. Brevet frå departementet blir seinare brukt av Terra-meklarane for å dokumentere lovlegheita av lån mot også andre inntekter som konsesjonsavgifter, eigedomsskatt og kommunale husleigeinntekter.

  • 2004-2005:
    Dei to meklarane har flytta til Terra Securities og er no meklarar, ikkje forvaltarar. Kommunane sine pengeplasseringar blir flytta over i CLN. Samstundes sluttar kommunane å betale løpande renter og avdrag på sine lån, gjeld blir organisert i såkalla bullet-strukturar der gjelda forfell til slutt i perioden. Denne gjeldstypen er i strid med kommunelova.

  • 2005-2006:
  • Etter å ha gått på tap blir kommunane sine investeringar flytta frå CLN til CDO. Meir kompleks struktur og høgare risiko.

CLN: Credit Linked Note. Obligasjonslån usteda av lånetakar, men der investor i tillegg har kredittrisiko hos ein tredjepart.
CDO: Collateralized Debt Obligation. Eit fond av rentebærande vedipapir.

  • Juni 2007:
    CDO blir lagt inn som garantist for eit amerikansk kommunefond. Terra-meklarane tok kontakt med Hemnes kommune med tilbod om nye produkt som skulle gi høgare avkasting. Meklarane går deretter til dei tre andre nordlandskommunane med same tilbod.

  • Måndag 20. august 2007:
  • Terra-meklarane orienterer dei fire kommunane i Nordland om at verdien av investeringane har falle under 55 prosent av opphaveleg verdi, og at ein garanti på til saman 85 millionar kroner må betalast inn neste dag. Garantien blir betalt av alle dei fire kommunane. Vedtak og utbetaling blir halde hemmeleg.

  • 3. oktober 2007:
  • Valet i september har gitt nye folkevalde. Kommunestyra i Hemnes og Rana drøftar garantiinnbetalinga. Hemnes vedtek at dei vil ut av avtalen.

  • 31. oktober 2007:
  • Finansavisen avslører at ei rekkje kommunar har gått på ein alvorleg smell i den amerikanske kredittmarknaden. Finansdepartementet tek kontakt med Kredittilsynet som så tek kontakt med Terra for undersøke kva saka gjeld. Advokatfirmaet Lund & Co blir varsla av Hemnes kommune.

  • 3. – 4. november 2007:
  • Toppsjef Chuck Prince i CitiGroup går av etter at banken annonserer tap på 18 milliardar dollar, blant anna i marknad for bustadlån.

  • 14. november 2007:
  • Terra Securities held orientering for bystyret i Narvik, men let vere å fortelje at det er komme nye krav om garantiar.

  • 19. november 2007:
  • Kommunane nektar å betale inn nye krav om garantiar. Terra Securities godtek to dagar seinare å dekke kravet på 69 millionar kroner.

  • 23. november 2007:
  • Sverre Letro trekkjer seg frå styret i Terra-Gruppen.
  • 24. november 2007:
  • Leiinga i Terra Securities er i London for å forhandle med CitiBank. Forhandlingane er resultatlause. I Oslo er eigarbankane i Terra-Gruppen samla på Oslo Plaza for å feire konsernet sitt tiårsjubileum. Feiringa blir avlyst.

  • 26. november 2007:
    Terra kjem med tilbod om å løfte dei fire nordlandskommunane ut av tape dei til då var påført som følgje av juni-investeringa. Verdien av tilbodet er på dette tidspunktet nær 150 millionar kroner. Kommunanen avslår tilbodet.

  • 27. november 2007:
  • Kredittilsynet varslar Terra Securities om at tilsynet vil trekkje tilbake selskapet sine konsesjonar etter å ha påvist fleire lov- og regelbrot i selskapet sin forretningspraksis. Styremøter gjennom natta konkluderer med at konkurs er uunngåeleg.

  • 28. november 2007:
  • På ein pressekonferanse før Oslo Børs opnar, annonserer Terra-Gruppen at dei har levert dotterselskapet Terra Securities til skifteretten. Konkurs blir opna seinare samme dag i Oslo byfogdembete.

  • 7. desember 2007:
  • Tønsberg tingrett tek arrest i Knut Anders Opstad sine private eigedelar. Arresten blir seinare avvist i kjennelse av 4. januar, etter to dagars rettsforhandlingar i Oslo tingrett.

  • Januar 2008:
  • Fire fylkesmenn konkluderer at kommunane sine lånopptak og investeringar er ulovlege og må seljast. Lovavdelinga i Justisdepartementet slår fast at Kommunaldepartementet tolka lova feil i ”Vik-brevet” frå 2002. Riksrevisjonen startar gransking av kommunaldepartementet si sakshandsaming i samband med «Vik-brevet».

  • Februar 2008:
  • Rådmann Hildegunn Staurseth i Haugesund trekkjer seg etter konklusjonane i ein granskingsrapport. Rådmann Tor-Kristian Gulhaugen i Bremanger varslar at han går av i mai.

  • Mars 2008:
  • Alle investeringane til dei fire nordlandskommunane er no tvangsselde, Av 726 millionar kroner investert, tapte dei fire kommunane 565 millionar. Dei fire kommunane i Sør-Norge investerte 729 millionar kroner, og har hittil tapt 230 millionar kroner – før ytterlegare tvangssal er gjennomført.

  • April 2009:
    Dom i saka kommunene Haugesund og Narvik har reist mot irske Depfa Bank. Kommunane får medhald i at låna aldri skulle vore gitt, men må likevel betale tilbake millionlåna til banken. Banken må derimot tilbakebetale renteinntektene frå låna.

  • Juni 2009:
  • Den kriseråka Terra-kommunen Narvik styrer mot 90 millionar kroner i underskot i 2009. Bystyret vedtek å sløkkje gatelysa for å spare straum.

  • August 2009:
  • Sju av Terra-kommunene går saman med konkursbuet til Terra Securities til sak mot Citigroup og krev 200 millioner dollar i erstatning.

  • September 2009:
  • DnB Nor og sju Terra-kommunar blir samde om å utsetje ei rettsak som var beramma i Oslo tingrett i november. DnB Nor har saksøkt kommunane som nektar å betale tilbake lån dein meiner var gitt på feil grunnlag. Partane seier dei står langt langt unna eit forlik, sjølv om dei er samde i å utsetje rettssaka.

  • Oktober 2009:
  • Kommunane Narvik og Haugesund for tilbakebetalt 88 millionar kroner som følgje av dommen i saka mot irske Dapfa Bank. Pengane var det det banken tente på å gi låna. Sjølve lånesummen må framleis tilbebetalast.

  • Oktober 2009:
  • Mannen som avslørte Terra-skandalen, journalist Morten Hofstad, seier til NRK at det er feil at bankane lurte Terra-kommunane. Han viser til at kommunane sjølv skreiv under på det juridiske ansvaret for dei låna dei no krev sletta.

  • Desember 2009:
    Bustyrar Jon Skjørshammer bestemmer seg for å droppe det varsla søksmålet mot tidlegare leiarar og meklarar i Terra Securities.

  • Februar 2010:
  • Dei norske Terra-kommunene vinn ein viktig delsiger i New York når finanskonsernet Citigroup ikkje når fram med sitt krav om at søksmålet fra buet i Terra Securities og kommunane må avvisast.

  • Mars 2010:
  • Rana tapte 222 millionar kroner på Terra-skandalen. Etter ein beinhard hestekur har kommunen gjort opp tapet.

  • Mai 2010:
    Haugesund og Narvik taper ankesaka mot Depfa Bank i kjølvatnet av Terra-saka. Hausten 2009 fekk kommunane medhald i at låna aldri skulle vore gitt, og fekk rentene tilbakebetalt. Likevel måtte sjølve lånesummen innfriast. Etter å ha tapt ankesaka må Haugesund må betale tilbake 113 millioner kroner, mens Narvik truleg må ut med over 150 millioner kroner. Dei to kommunane ankar ikkje avgjerda.

  • Juli 2010:
  • Hattfjelldal kommune varslar at ein ikkje maktar å betale ned Terra-gjelda. Kommunen har ti år på seg for å betene gjelden på 90 millionar etter skandalen.

  • September 2010:
  • Ein dommar i distriktsdomstolen i New York avgjer at Terra Securities ikkje kan krevje erstatning frå CitiGroup, men Terra-kommunane kan saksøkje den amerikanske storbanken. Terra stemna Citigroup med påstand om investeringsbedrageri og eit samla krav på over 1,2 milliardar kroner. Det var Citigroup som sto bak pakkane med investeringsprodukt som Terra selde vidare til dei åtte norske kommunane.

  • September 2010:
  • NRK avslører at Bremanger kommune er i ferd med å gå på nye tap i kjølvatnet av Terra-saka. Kommunen ligg an til å tape 39 millionar kroner på såkalla finansielle derivat. Avtalar som skriv seg tilbake til Terra-investeringa. Kommunen har gambla med til saman 800 millionar kroner i ein avtale der ein tener pengar så lenge renta held seg over seks prosent, men taper pengar når renta er under seks prosent. Etter finanskrisa har det dermed berre vore tap.

Kjelder:

  • «Eventyret om Terra», Morten Hofstad (Hegnar Meida)
  • NRK.no
  • Wikipedia

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå