Hopp til innhold

Dette er sjukehusstriden i Norge

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

I Soria Moria- erklæringa lova regjeringa at lokalsjukehusa i Norge ikkje skal leggast ned. Likevel står fleire i fare for å bli lokalmedisinske senter eller forsvinne.

Sidan 2005 har den raudgrøne regjeringa med statsminister Jens Stoltenberg frå Arbeidarpartiet gjeve klare føringar for korleis spesialisthelsetenestene i Norge skal vere:

13. oktober 2005

Den raudgrøne regjeringa legg fram sine mål i Soria Moria- erklæringa si.

Om regjeringa sine målsetjingar når det gjeld lokalsjukehusa står det;

«Oppretthalde eit desentralisert sjukehustilbod, som mellom anna sikrar nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod. Ingen lokalsjukehus skal leggjast ned. (NRK si utheving)
Regjeringa vil vidareføre arbeidet med ei betre arbeidsfordeling mellom sjukehus, som fremjar styrka kvalitet til pasientbehandlinga.»

LES HEILE SORIA MORIA ERKLÆRINGA HER

7. oktober 2009

Regjeringa legg fram Soria Moria 2. I erklæringa som handlar om sjukehus og sjukehustilbod står det:

Dagens desentraliserte sjukehustilbod skal oppretthaldast. Det vil blant anna sikre nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod, sjølv om slike tilbod ikkje blir gjevne ved alle sjukehus. Ingen lokalsjukehus skal leggjast ned.

LES HEILE SORIA MORIA 2 HER

November 2010

Etter dette er det 10 helseføretak som likevel legg fram forslag om å redusere eller legge ned lokalsjukehus.

Oversikt over kuttforslaga i Norge:

Helse Nord

Helse Nord RHF har ansvar for spesialisthelsetjenestene i heile Nord-Norge. Dei har 11 sjukehus der 10 av dei er lokalsjukehus.

Her har det ikkje skjedd nedleggjingar dei siste 20 åra. I dette området er det snakk om å endre akuttberedskapen på fem av sjukehusa.

Dette er framleis oppe til vurdering. Helseføretaket vurderer også fødetilbodet i regionen.

No kan Universitetssjukehuset Nord-Norge miste ei fødeavdeling i Harstad eller i Narvik.
Og Helgelandssjukehuset kan miste ei fødestove i Mo i Rana eller i Sandnessjøen

Helse Midt

Helse Midt-Norge RHF har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenestene i Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og i Møre og Romsdal.

Det er ni sjukehus knytt til Helse- Midt. Åtte av desse kjem under kategorien lokalsjukehus. Dei siste 20 åra er ikkje eit sjukehus lagt ned, anna enn ved Røros sjukehus. Der er det framleis eit tilbod, men det kjem ikkje lenger under kategorien sjukehus.

I denne regionen har diskusjonen kring kva for tilbod dei ulike lokalsjukehusa skal ha vore i lengre tid. Fødetilbodet er no under vurdering, og det er fleire som står i fare for å stå utan ei fødeavdeling.

I Nord-Trøndelag kan sjukehuset Levanger miste fødeavdelinga si eller sjukehuset i Namsos kan miste fødeavdelinga si.

I Sør- Trøndelag kan Orkdal sjukehus kan miste fødeavdelinga si.

I Nordmøre og Romsdal kan sjukehuset i Molde miste fødeavdelinga si, eller Kristiansund sjukehus kan miste si fødeavdeling.

På Sunnmøre kan Ålesund sjukehus miste kvinneklinikken sin, eller sjukehuset i Volda kan miste fødeavdelinga si.


Helse Vest

Helse Vest RHF har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenestene i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Helse Vest styrer over 11 sjukehus, og av desse er sju lokalsjukehus. I løpet av dei siste 20 åra er fleire sjukehus lagde ned. Egersund, Sandnes, Florø og Sauda. Nokre har framleis aktivitet, men fungerer ikkje lenger som lokalsjukehus.

Debatten om akutt - og fødetilbodet i regionen har vore stor. I Lærdal, Sogndal og i Odda kan dei stå utan fødetilbod slik det er i dag. Lærdal miste ei fødestove og Nordfjordeid kan miste fødeavdelinga si.

Det er fare for at all kirurgi på sjukehuset på Stord forsvinn i løpet av dei neste to åra.

Helse Sør-Aust

Er det største regionføretaket i landet og har under seg 34 sjukehus kor 23 av dei er lokalsjukehus. I løpet av dei siste 20 åra har det ikkje vore nedleggingar i området, men no er fleire av lokalsjukehusa utsette.

No vurderer Oslo universitetsklinikk å slå saman Føderiket og ABC-klinikken.