Hopp til innhold

Her ser du sigerherrane ved stortingsvalet i Sogn og Fjordane

Bjørn Lødemel, Høgre, og Sveinung Rotevatn, Venstre kan utropast til sigerherrar ved stortingsvalet i Sogn og Fjordane.

Sveinung Rotevatn og Bjørn Lødemel

AVSLAPPA SIGERHERRAR: Sveinung Rotevatn (t.v.) og Bjørn Lødemel

Foto: Alf Vidar Snæland

Høgre var det partiet som hadde den største framgangen frå 2009, med 6,6 prosentpoeng, medan Sveinung Rotevatn etter alt å døme har sikra seg det litt meir lottoprega utjamningsmandatet.

Det gjorde han trass i at både Frp og KrF hadde støtte oppslutnad enn Venstre i Sogn og Fjordane, men utjamningsmandatet byggjer på resultat frå heile landet, og denne gongen, som i 2005, ser det ut til å slå ut til fordel for Venstre.

– Ei glede frå ende til annan

Sveinung Rotevatn er klar for turen til Oslo.

– Denne kvelden har vore ei glede frå ende til annan. Det viktigaste for meg var at Venstre skulle kome godt over sperregrensa, det har vi greidd, vi har gjort eit historisk godt val.

Sjølv om han enno ikkje torer å innkassere mandatet 100 prosent enno har han tru på at det går den vegen.

– Det er ei oppgåve eg går til med stor entusiasme. I morgon tek eg uansett første flyet til Oslo, til sentralstyremøte i Venstre, der vi skal diskutere korleis vi skal gå fram for å få ei mest mogeleg grøn og liberal regjering.

– Flott bonus

For Bjørn Lødemel personleg var kvelden ikkje like spennande som for Rotevatn. Alt anna enn eit sikkert mandat til honndølen ville ha vore ein sensasjon. Men han var ikkje mindre glad for det.

– Vi har ein veldig flott framgang, og det er eg veldig glad for. At vi no skal i regjering er ekstra inspirerande. Det betyr ein heilt annan kvardag enn dei siste fire åra der vi har møtt stengde dører. Det er ein flott bonus til heile Høgre-familien i Sogn og Fjordane.