NRK Meny
Normal

Dette er Norges vakraste veg

Kongevegen over Filefjell får pris for å vere den vakraste vegen i Norge.

Kongevegen

NORGES VAKRASTE: Kongevegen mellom Lærdal i Sogn og Vang i Oppland er kåra til Norges vakraste veg, saman med Skjarvelandet på Haøysundvegen i Finmark.

Foto: Statens vegvesen: Sverre Hjørnevik

– Ein vandretur langs Kongevegen vil gje ei unik oppleving kombinert med å få kunnskap om ein viktig del av norsk samferdselshistorie. Vegen er eit kulturminne med stor nasjonal verdi, skriv juryen i grunngjevinga for prisen.

Juryen som delte ut «Vegdirektørens pris for vakre veger» skryt over arbeidet som er lagt ned dei siste åra for å restaurere den 222 år gamle vegen.

Hovudveg mellom aust og vest

Det norske Postverket, med faste postruter, vart organisert i 1647. Hovudpostruta mellom Oslo og Bergen gjekk over Filefjell, som i mange tusen år har vore ei av dei viktigaste ferdselsårene mellom aust og vest.

Som hovudveg mellom aust og vest hadde Lærdal-Filefjell stor militær betydning. I 1790 vart det vedteke at det skulle byggjast ny veg som også kunne brukast som sledeveg vinterstid. Vegen fekk nemninga «Kongeveg», slik tilsvarande hovudvegar i landet fekk på den tida.

Generalvegmeister Christoffer Johannes Hammer i Bergen fekk ansvaret for prosjektet. Lokalt var det løytnantane Hans Lem frå Årdal og Wilhelm Jürgensen som leia arbeidet, der både soldatar og folk frå dalen tok del.

Kongevegen går mellom Lærdal i Sogn og Vang i Oppland, og stod ferdig i 1793.

Maristova med Kongevegen 1800-tal

1800-TALET: Maristova med Kongevegen.

Foto: K. Knudsen / Billedsamlingen-UBB

Rusta opp dei siste åra

I ein rapport frå 2011 slo Vegvesenet fast at Norges eldste vegforbindelse mellom Vestlandet og Austlandet stod i fare for å forsvinne om ingenting vart gjort.

Rapporten konkluderte med at tilstanden på vegen var svært dårleg, men om tiltak vart sette i gang raskt, burde det vere mogleg å restaurere den på ein god måte.

I 2013 starta arbeidet med å oppruste tre strekningar av den gamle Kongevegen. Prislappen var på 15 millionar kroner.

– Eg er ikkje i tvil om at dette er ein skjult juvel. Det er ein av dei store historiske vegskattane som finst i Norge, sa arkeolog i vegvesenet, Jan Adriansen, då dei starta arbeidet.

Den gamle kongevegen mellom Vestlandet og Austlandet skal no rustast kraftig opp. Om nokre år er håpet at den skal vere i same stand som den var for over 200 år sidan.