Hopp til innhold

Dette kan vere starten på eit nytt vikingeventyr i Nordfjord

Myklebustskipet er eitt av dei største skipsfunna frå vikingtida i Norge. Men sidan det var øydelagt av brann då det vart grave fram, har det fått lite merksemd. No er endeleg modellen over skipet klar. Og det kan vere starten på eit nytt vikingeventyr i Nordfjord.

Visste du at det største vikingskipet som er funne i Norge, i si tid blei utgreve på Nordfjordeid. 
For fyrste gong er det no laga ein modell av det unike funnet.
Og no skal vikingtida blir turistattraksjon...

Norges største vikingskip kjem frå Nordfjordeid

Torsdag kveld vart ein rekonstruert modell av Myklebustskipet høgtidleg avduka av leiar for hovudutvalet for kultur i Sogn og Fjordane, Nils Gjerland.

I si tid var skipet eit frykta syn, men i dag er det godt eigna til å lokke turistar. Og det er det som er planen.

Snart kan denne ferske modellen av det som kanskje er funnet av Noregs største vikingskip bli bygd i full storleik her på Nordfjordeid.

Det ukjende skipet

– Min draum er at det skal vere eit vikingskip som ligg opplyst på land om vinteren og som folk kan sjå i eit glasnaust. Eg trur det ville ha vore heilt fantastisk, seier prosjektleiar i Sagastad, Synnøve Aabrekk.

Myklebustskipet er det ukjende skipet, som arkeologar trur var rundt 30 meter stort. Det er større enn dei langt meir kjende Oseberg- og Gokstadskipa.

Men sidan det vart brent ned har historia kome lite fram i lyset.

Restane etter skipet låg i branngravhaugen Rundehogjen på Nordfjordeid, i ei diger småkongegrav truleg frå år 870. Historikarar meiner dette er Kong Audbjørn av Fjordane som fall vi slaget ved Solkjel kring 870.

(Artikkelen held fram under biletet)

Samla om prosjektet

HAR TRUA: F.v. Eid-ordførar Alfred Bjørlo, prosjektansvarleg i Sagastad Tøger Lien og prosjektleiar i Sagastad Synnøve Aabrekk trur vikingsenteret blir ein realitet.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Var mykje større enn Gokstadskipet

Det arkeologen Anders Lorange fann på garden Myklebust på Nordfjordeid i 1874, var naglar, skjoldbuler og andre spor som kan fortelje mykje om eitt av dei store skipa som ein gong segla på Vestlandskysten.

Skipet var om lag 30 meter langt, større enn både Gokstad- og Osebergskpet.

Skipsingeniør Saxe Bjørkedal frå Bjørkedalen har rekonstruert Myklebustskipet og laga ein modell.

Basert på funna frå Rundehogjen, saman med arkeologisk kunnskap om dåtidas skip, er modellen bygd så tett opp til originalen som det er mogleg å komme.

Har vore eit kjerneområde

– Dette er rosina i pølsa, dette er ein av dei flottaste vikingtidgravene vi har her i landet. Det er eit funn på lik linje med Oseberg og Gokstad, berre at det har vore brent. Nordfjord har vore eit kjerneområde for vikingferdene vestover, seier filmskapar og arkeolog, Ragnar Børsheim.

I sentrum ved fjorden håpar entusiastane å igjen sjå eit stort vikingskip, iallfall på land.

– Eg trur at vikingskip er noko av det vi globalt er mest kjende for. Det er så estetisk og vakkert, seier prosjektansvarleg for Sagastad, Tøger Lien.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vikingskip på fjorden

MYSTISK: Historia om vikingtida er full av farar og mystikk.

Foto: Arkikon AS / NRK

Vil ha senter til 50 millionar

No planlegg dei både fullskala skip og eit eige vikingsenter, men prisen er skyhøge 50 millionar kroner.

Det skremmer ikkje Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

– Trur du det er mogleg å finne pengar?

– Det vil stå att å sjå. Men eg trur dette kan bli ein stor attraksjon. Dette er funn som er så unike at eg trur det skal vere mogleg å få med seg mange partar i dette, seier Bjørlo.

Opplevingssenteret Sagastad har som målsetjing å fortelje historia om vikingtida i Nordfjord. Forprosjektet er venta ferdig i mars/april 2013, og er kostnadsrekna til 1,7 millionar kroner.