Hopp til innhold

Dette er meir dramatisk enn du trur

LEIKANGER (NRK): ...Det meiner iallfall leiar Arnstein Menes i samferdsleutvalet. No har politikarane starta på den «umoglege» jobben: Å kutte 224 millionar kroner.

Finansutvalet jobbar med å kutte utgifter

TØFFE TAK: Fylkespolitikarane står framfor beinharde prioriteringar og kutt. – Verre enn folk flest veit om, meiner Arnstein Menes.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg trur nok ikkje folk flest er klar over kor store konsekvensane vil bli for mannen i gata, seier Arnstein Menes.

I dag starta politikarane på den knallharde jobben med å kutte i tilboda frå Sogn og Fjordane fylkeskommune: Fram til 2019 må fylket spare inn 224 millionar kroner.

Det får konsekvensar om dei vil eller ikkje.

– Vi som jobbar med dette veit at dette vil få store konsekvensar. Noko av det er gjort synleg for folk i fylket, men på langt nær alt, seier Menes.

– Det vil gå opp for ein del etter kvart – når vi byrjar å kutte i bussruter, ferjeruter, båtruter og fjernar ordningar som folk har vore kjende med i lang tid. Det vil bli smertefullt for mange, seier han.

Norvall Nøringset (t.v.) og Arnstein Menes

KREVJANDE: Norvall Nøringset (t.v.) og Arnstein Menes sit i høvesvis opplærings- og samferdsleutvalet, og veit dei må kutte til beinet innanfor sine sektorar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Den mest krevjande prosessen på lang tid

Statlege omleggingar i inntektssystemet for fylkeskommunane har råka Sogn og Fjordane særleg hardt. Administrasjonen har komme med sine kuttforslag. Onsdag er det møte i finansutvalet.

No er det opp til politikarane, som har det siste ordet.

– No skal vi inn i den mest krevjande prosessen fylkeskommunen har vore gjennom på veldig lang tid. Det blir utfordrande å finne dei innsparingane vi må – for vi må kutte nokre av dei goda vi har i dag, seier Menes.

Tek til orde for å leggje ned skular

På møtet onsdag tok SV-leiar Norvall Nøringset i opplæringsutvalet til orde for at ostehøvelprinsippet ikkje er kraftig nok lut. Han meinte ein heller bør finne kutt som verkeleg monnar.

– Heller innanfor opplæring vil det vere nok å kutte litt her og der. Nokre timar kroppsøving på einskilde skular eller ein miljøkoordinator blir berre småsummar i den store samanhengen. Vi må ta større grep, seier han,

– Snakkar du om å leggje ned skular i eit valår?

– Ja. Saka kjem nok ubeleileg for mange. Men faktum er at vi skal gjere vedtaket no – sjølv om den reelle konsekvensen først kjem i 2019, då det største kuttet må vere gjort. Så vi kan ikkje unngå å byrje å snakke om det. Sjølv om det er frykteleg vanskeleg, seier Nøringset.