Hopp til innhold

Dette er lesarane sine beste bilete og videoar frå den herlege påska

NRK fekk inn hundrevis av bilete i konkurransen om beste foto frå påska. Her presenterer vi vinnarane og dei beste bidraga.

Vinnar av beste påskefoto
Foto: Pappalapaa

NRK.no fekk inn veldig mange gode bilete og videoar frå lesarane til konkurransen, og juryen hadde ingen enkel jobb med å finne dei aller beste bidraga.

1. Førsteplass i videokonkurransen

Langfredag var ein strålande flott dag for mange. Simon Sæterlid (25) frå Førde tok skia fatt og la ut på topptur - og det resulterte i ein flott video, som han sendte inn til NRK Sogn og Fjordane.

Juryen er samd om at dette var den beste videoen i konkurransen. Vi fekk påskekjensle og lyst til å gå på ski då vi såg filmen.

Simon Sæterlid får eit gåvekort på 2000 kroner i ein valfri fotobutikk i premie.

2. Andreplass i videokonkurransen

Då Magn Henning Helgås var på veg opp til Blåfjellet frå Innvik møtte han på ein sint, liten kar. Han rakk å ta fram telefonen og filme lemenet, og det var ikkje populært. Med telefonen berre 20 centimeter unna kjende dyret seg truleg truga og hadde ingen problem med å vise kva det meinte om filminga.

Juryen er samd om at dette er ein video mange vil like å sjå. Den er kort, men det er ikkje noko ulempe i denne typen innslag. Her har fotografen fanga situasjonen.

Magn Henning Helgås får ein NRK-ryggsekk med diverse NRK-effektar i posten som premie.

1. Førsteplass i fotokonkurransen

Vinnar av beste påskefoto
Foto: Pappalapaa

Biletet er teke av @papalapaa på Instagram, og syner ei kvinne på toppen av eit fjell i solnedgangen ved Lavikdal. Juryen er begeistra over stemninga i biletet. Lyset fell på ein flott måte over motivet.

Som premie for fotoet får vinnaren eit gåvekort på 1500 kroner i ein valfri fotobutikk.

2. Andreplass i fotokonkurransen

Andreplass i påskefotokonkurransen
Foto: frydogfjas

"ferydogfjas på Instagram har teke dette biletet, som syner veslemann i familien på tur saman med familien i påska. Juryen likar måten biletet fortel ei lita kvardagshistorie.

Vedstabelen dannar eit flott mønster i bakgrunnen, med gutungen som kontrast framfor.

Som premie for fotoet får vedkommande ein NRK-ryggsekk med diverse NRK-effektar i posten som premie.

NRK.no gjer merksam på at fotokvaliteten på skjermen ikkje er den beste, då dei fleste bileta i konkurransen er tekne med mobilkamera og lasta opp via Instagram.

NRK tek kontakt med vinnarane. I juryen som kåra dei beste bidraga sat redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske og vaktsjef Rune Fossum.