NRK Meny
Normal

Dette er landets fremste bringebærkommune

VANGSNES (NRK): Nesten ein firedel av alle norske bringebær vert plukka i Vik kommune. No vil bærbøndene styrke statusen som bringebærkommune nummer éin.

Ola Hopperstad og Åslaug Stadheim Ese

VIL BLI STØRRE OG BETRE GJENNOM SAMARBEID: Saman med dei andre bringebærbøndene i Vik kommune produserer Ola Hopperstad og Åslaug Stadheim Ese 500–600 tonn bringebær i året.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I over to månader har bærbonde Ola Hopperstad arbeidd for å gjere klart til årets bringebærsesong. Mykje arbeid må han og dei mange andre bærprodusentane i kommunen leggje ned, som å gjødsla tidleg, helst før siste snøfall.

Det krev stor innsats for å kunne kalle seg bringebærkommune nummer éin i landet.

– Det er eitt par bærmiljø elles i landet som dreg innpå, men vi er framleis den største. Vi har hatt bringebær i jorda sidan før eg vart fødd, så det er sterke tradisjonar i kommunen, seier Hopperstad.

Mange hender i sving

Kvart år blir det plukka mellom 500 og 600 tonn bringebær i kommunen. Det er 23 prosent av produksjonen i heile landet. Ikkje alle år er like gode. Fjoråret var eitt av dei dårlege, men i år ser det bra ut.

– Det er alltid vanskeleg å seie så tidleg, men slik det ser ut no så trur eg vi får ein normal sesong, seier bærbonden.

Mange store bringebærfelt krev mykje arbeidskraft når bæra skal plukkast frå slutten av juni. Kvart einaste år kjem over 500 gjestearbeidarar, hovudsakleg frå Polen. Fleire av bøndene har bygd eigne hus eller restaurert eldre hus på garden for å huse arbeidarane.

Ola Hopperstad

KREV HARDT ARBEID: Ola Hopperstad har halde på med førebuingane til årets bringebærsesong sidan i mars.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Tettare samarbeid

Dei siste åra har bringebæret blitt like populært til konsum som jordbær, og etterspurnaden er aukande. Og produsentane i Vik arbeider med å forsterke statusen som den fremste bringbærkommunen.

Difor har dei tre fruktmottaka i kommunen, Fresvik kjølelager, Sognabær og Vangsnes grønt, starta eit samarbeid med ein plan om eitt samla mottak, men med desentralisert avdelingsmottak.

– Vi trur at vi kan oppnå stordriftsfordelar og skape eit betre miljø både for dyrkarane og dei som driv mottak, ved å stå saman, seier Åslaug Stadheim Ese, bringebærbonde i Vik og nestleiar i styret for Vangsnes grønt.

Vil skape nye produkt

I februar møttest nesten 40 bærprodusentar og potensielle bærprodusentar for å drøfte korleis dei kan skape meir verdiar.

Mellom anna vil dei utnytte dagens kompetanse betre, organisere bær- og fruktmottaka betre og få tilgang til meir og samanhengande areal. I tillegg vil dei rekruttere nye bønder og utvikle nye produkt, spesielt for bringebæra.

– Å bruke det til konsum og industri er vel og bra, men vi trur vi kan gjere mykje meir ut av det, seier Stadheim Ese.

Om dei framleis er størst om ti år, håpar og trur ho.

– Vi vil halde på statusen vår, men det kjem ikkje av seg sjølv. Då må vi jobbe på.

Vangsnes

LANDSKAP I PLASTTUNNELAR: Vangsnes er ein av plassane i Vik som produserer store mengder frukt og bær.

Foto: Noralv Pedersen / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.