Hopp til innhold

Dette er heilt normalt på denne tida av året

På nordvestlandet er stormane rundt jul og nyttår snart det einaste som er normalt med vêret.

Stormen "Urd" ved Florø

NORMALT: At stormane oftare går over i ekstremvêr kan vere eit resultat av klimaendringar. Men altså ikkje sjølve stormane, dei er nærast årvisse. Her frå julestormen «Urd» ved Florø.

Foto: TRULS KLEIVEN

Dei er nesten like tradisjonsrike som jule- og nyttårsfeiringa: Stormane som herjar nordvestlandet med minimum kuling i kasta, piskande regn mot glasrutene og stengde fjellovergangar.

Men stormane på denne tida av året er ikkje eit resultat av klimaendringar eller at verda er i ferd med å rakne.

Det er faktisk heilt normalt.

Varme

– Jorda prøver heile tida å utlikne luftmassane for å få det til å bli like varmt over heile kloden, seier statsmeteorolog Martin Granerød ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Sola varmar opp områda rundt ekvator raskast sidan det er større landområde der. Ved polane er det mindre landområde, og difor er desse områda kaldast.

– Difor blir kald luft sendt sørover og varmt luft nordover, seier Granerød.

Dette skapar høgtrykk og lågtrykk. Lågtrykka som kjem inn over oss blir ofte danna over Nord-Atlanteren, gjerne aust for Nord-Amerika eller Grønland.

– Og vintertida er kaldare enn sommar her hjå oss. Difor blir lågtrykka kraftigare, seier Granerød.

Luftmassar

Høgtrykk og lågtrykk blir danna ulike stadar og møtes ikkje. Men dei store mengdene med luftmassar i mellom dei, beveger seg altså nordover eller sørover.

Og det er desse som skapar stormane.

– Når lågtrykket ligg vest for oss, får vi varm luft aust for lågtrykket. For lufta rundt eit lågtrykk går mot urvisaren. Når lågtrykket har passert Skandinavia blir vestsida kaldare.

Ofte skjer desse stormane ute i havet. At det hender vi får dei så nært innpå oss, skuldast plasseringa av lågtrykket.

– Som oftast ligg lågtrykket langt ute i havet og døyr ut når det treff land. Men ligg det nærare oss, slik som ved «Urd», er uvêret på sitt kraftigaste når det treff land, seier Granerød.

Vestavinden

Norge og Skandinavia ligg i det sokalla vestavindbeltet. Mesteparten av vinden vi får gjennom året, er vinden som kjem frå vest. Difor er det så mykje dårleg vær på Vestlandet, medan Austlandet ligg i le, seier Granerød.

Satellittbilde 18.nov 2009

LÅGTRYKK OVER EUROPA: Her blir luft sugd innover mot sentrum og mot klokka.