Hopp til innhold

Dette er gartnaren sine beste vintertips

Det har vore ein vinter som har bydd på det meste av vêr. Men for dei vintergrøne plantane er austavinden det verste.

Bård Vereide

VINGLETE VÊR: Har ført til at det har komme knoppar på enkelte plantar, rett før vinteren slo til for fullt.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Før snøen kom har det vore ein lang og tørr kuldeperiode. Ein tenker kanskje at snøen er den verste, men vinden kan gjere vel så mykje skade, i alle fall på dei vintergrøne plantane.

– Dei vintergrøne plantane som er utsett for austavind er særleg i faresona. Dei frys ikkje i hel, for dei fleste toler mykje kulde, men dei tørkar ut, fortel den røynde gartnaren Bård Vereide frå Vereide i Gloppen.

Pass deg for «Dalasauen»

Han har i mange år jobba som gartnar og veit kva blomane treng, også på denne tida av året.

– Eg plar å seie at når Rhododendroen heng med blada som øyra på ein Dalasau, då er det på tide med aksjon, for då er det rett før dei blir skadde.

Snøen som har lava ned kan faktisk berre vere positivt for plantane.

– Om det blir mildvêr så er det ein fordel at det smeltar og trekkjer fukt inn att i blada. Men får vi tørr austavind så må du prøve å skjerme dei vintergrøne plantane. Då er god gamaldags sekkestrie eit godt hjelpemiddel om folk har det, seier gartnaren.

Bård Vereide

GARTNAR: Fleire spør Bård Vereide til råds om korleis dei skal ta vare på plantane sine. Sjølv har han lang erfaring.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Forvirra plantar

Og det gjer det kanskje ikkje heller så lett å vite korleis ein skal ta vare på plantane sine når vêret skiftar om så snart du har gått til aksjon.

– Det var så mildt ei stund, at enkelte sortar begynte å lure på om det var vår og det begynte å komme knoppar. Og det er jo ikkje noko god løysing når det byrjar å bli kaldt, seier Vereide.

Vil helst sleppe austavind

Men ein treng ikkje vere uroa for at frosten har øydelagd frukttre eller andre typar som er planta ned i jorda.

– Telen er vel ikkje gått så djupt. Men dei som har stått i potte eller oppå marka, dei kan bli skadde, for då går telen rett inn, seier gartnaren.

Kva endelege konsekvensar denne vinteren har hatt for plantelivet er for tidleg å seie noko om.

– Men viss vi får ein ny periode med kulde og austavind og tørke, så kan vi få skade på vintergrøne plantar. Det var vel for tre år sidan at hundrevis av plantar.