Hopp til innhold

Dette er fylkets første hybridbuss

FØRDE (NRK): Tysdag vart den første hybridbussen i fylket sett i rute i Førde, med lågare Co2-utslepp og betre plass til barnevogn og rullestol.

Tysdag vart den første hybridbussen i fylket sett i rute i Førde, med lågare Co2-utslepp og betre plass til barnevogn og rullestol.

NY FARGE: Den nye hybridbussen er halvannan meter lengre enn dei gamle bybussane og har fått ein lysgrøn farge. Foto/redigering: Ole André Rekkedal.

– Den skal vera eit miljøvenleg alternativ og er ein bybuss som har både elektrisk- og dieselmotor som køyrer på biodiesel, seier teknisk leiar for Firda Billag, Arne Hetle.

Klokka 13.00 tysdag ettermiddag sette bussen ut frå Førde rutebilstasjon for sin første tur. Den gjekk opp til Vieåsen og tilbake til sentrum, men det er ikkje der den daglege ruta skal gå.

Prøvetid på eitt år

Bussen skal køyre ruta som går opp Slåttebakkane, og valet av rute er gjort på grunn av den elektriske motoren. I tillegg til å ha elektrisk motor er det ein lengre buss enn dei andre bybussane, og den har betre plass til barnevogner og rullestolar enn den andre typen.

Arne Hetle

LANG FARTSTID: Arne Hetle har jobba i Firda Billag sidan tidleg på 1970-talet, og har sett ei stor utvikling på bussfronten sidan den gong.

Foto: Ole Andrè Rekkedal / NRK

– Det er ein ikkje-ladbar hybridbuss. Det betyr at den brukar dieselmotoren i høgare fart og i oppoverbakkar medan den lader under bremsing i nedoverbakke, seier Hetle i Firda Billag.

Etter planen skal bussen køyre desse rutene i eitt års tid, før det vert bestemt om den er eigna for køyring i Førde.

– Vi må sjå på korleis den fungerer på snø, og korleis kostnaden er. Den kostar litt meir enn dei bussane vi har hatt før, men den kjem til å køyre om lag 70.000 kilometer i året, så om forbruket er mykje lågare er det bra, seier Hetle.

Stille på haldeplassen

Tilbake på bussen. Det står folk og ventar på haldeplassen utanfor Førdehuset, og det er først då ein merker skilnaden frå ein vanleg buss. I det den stoppar vert det heilt stilt, med unntak av aircondition-anlegget om bord.

– Dieselmotoren slår seg av når den stoppar på haldeplassar, og batteriet som ligg på taket tek over. Alt i alt vil denne bussen sleppe ut 50 prosent mindre forureining enn dei andre bussane som er i bruk her, seier Roy Arve Hetle, som er teknisk leiar i Trucknor i Førde.

Den første hybridbussen er på plass, men målet for framtida er klart.

– Eg trur vi vil ha elektriske bybussar i Førde om fem år, avsluttar Hetle i Firda Billag.