Dette er Florø fotballklubb sine opprykksutfordringar

Opprykksfeberen har enno ikkje lagt seg i Florø. No startar jobben for klubben, som må ta grep om både økonomi og stadion når dei tek steget inn i toppfotballen.

Vill jubel på Florø stadion etter at opprykket er i boks.

FLORØ STADION: I 1. divisjon krevst både gode toalett og flaumlys på stadion. Kommunen eig bygget, og har ansvaret for opprustinga.

Foto: Oddleif Løset

– Vi byrjar å jobbe med planen for korleis vi skal greie dette i dag, seier Arild Melvær, styreleiar i Florø fotball.

Gledesrusen ligg framleis over byen etter draumehelga der Florø fotballklubb tok steget inn i toppfotballen.

Men kvardagen kom hit også, og no byrjar planleggingar for korleis klubben skal møte krava som blir stilt til eit lag i første divisjon i praksis.

Frå å vere ein klubb med lågt budsjett og høg dugnadsånd, må dei inn i det profesjonelle fotballivet.

1. Stadion må oppfylle UEFA-krav

Florø stadion som i helga husa fleire menneske enn nokon gong, har nemleg nokre manglar før den er godkjend som stadion i dei øvste divisjonane.

Sidan den er eit kommunalt anlegg er det kommunen som må betale for opprustinga.

– Vi leia vår avdeling i 2014, og då byrja kommunen å tenke på kva krav eit opprykk ville få. Då fekk vi fotballforbundet på besøk. Vi må ha nytt flaumlys, for det må til om vi skal spele kampar klokka seks i mars og april eller oktober. Det står på kommunen sin investeringsplan, og er det mest openberre grepet vi må ta, fortel Melvær i Florø Fotballklubb.

Arild Melvær

BLID: Arild Melvær.

Foto: Bård Siem / NRK

2. Sikkerheita må på plass

Kanskje møter Florø lag med kjende supporterklubbar som Lillestrøm sine «Kanarifuglar» i første divisjon.

Når det kjem supporterar som har reist langt på besøk, må vertskapet sørge for at sikkerheit og infrastruktur er på plass.

– Det andre vi må tenke på no er sikkerheit for publikum. Overvaking, separere bortesupporterane sine område der dei har tribune, kiosk, toalett og så vidare, fortel Melvær.

Toalettfasilitetane er ein av delane som fotballforbundet ikkje var nøgd med under førre besøk.

– I dag må ein ut av stadion og bort til Florahallen for å finne toalett. Heller ikkje handikaptoalett har vi på stadion.

Terje Rognsø

TRENAR: Terje Rognsø har jobba hundrevis av timar på dugnad for å få laget opp på nivået dei har nådd. No kan også han få betalt for jobben han gjer.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

3. Doble budsjettet

I år hadde Florø fotball eit budsjett på nesten sju millionar. Dei pengane blir delt på alle 50 lag, frå lilleputt til A-lag.

– Vi brukar kanskje to–tre millionar på A-laget i dag. Det må vi i alle fall doble, seier styreleiaren.

I første divisjon og eliteserien må laga ha ein betalt trenar, assistenttrenar og dagleg leiar. I dag jobbar alle på dugnad i klubben.

– Vi må også gi proffkontrakt til 18 spelarar, altså at dei får betalt for å vere tilsett i klubben, seier styreleiaren.

Korleis skal de greie dette?

– Det er det vi byrjar å jobbe med i dag. Vi får litt pengar frå Norsk Fotball, og så skal vi gå i dialog med sponsorar. Og så kjem det an på korleis vi gjer det sportsleg, fortel Vidar Melvær.

Jon Håvard Strømsnes

STIMEN: Jon Håvard Strømsnes og resten av «Stimen» håpar å få møte Lillestrøm sine «Kanarifuglar» eller Klanen til Vålerenga på Florø Stadion til neste år.

Foto: Bård Siem / NRK

4. «Stimen» blir proffe?

– Vi må kanskje skipe supporterklubb for å få litt kontroll på ting, seier Jon Håvard Strømsnes som er talsperson for Florø-supporterane, «Stimen».

Supporterane sine ambisjonar har ikkje senka seg etter opprykksfesten i helga.

– No må vi etablere oss i første divisjon, Eg trur vi kan hamne midt på tabellen. Så får vi gå for tippeligaen om nokre år, no må vi berre gå for gull, seier Strømsnes.

Han er klar på at supporterane er meir engasjerte enn nokon gong.

– Vi må sette inn stor dugnadsinnsats for å utvikle klubben vidare. Eg tippar nokon av oss vil dukke opp på bortekampane.

– Eit paradigmeskifte

Dag Frøyen i Firdaposten har følgt Florø fotball i 18 år. Han meiner vi opplevde noko heilt spesielt då Florø slo Nest-Sotra i helga, og det treng ikkje stoppe der.

Dag frøyen firdaposten

18 ÅR: Dag Frøyen har følgt Florø sitt A-lag sidan han starta å jobbe i Firdaposten. Han meiner vi opplevde noko svært spesielt då dei rykka opp til 1. divisjon i helga.

Foto: Bård Siem / NRK

– Laget vi har i dag er godt nok til å halde seg i 1. divisjon. Vi var veldig, veldig solide, seier Frøyen.

Stammen av 95-gutane i laget er vant til å vinne, og har ikkje respekt for motstandarane, meiner han.

– Første divisjon er eit heilt anna «ballgame». Det er knallhardt. Men eg trur dei skal ta steget vidare der også, seier Frøyen.

Dag Frøyen går offensivt ut, og tippar at laget kan klare fjerde plass i første divisjon.

– Kvifor skal vi ikkje tenke slik? Det er ikkje urealistisk. Desse gutane har teke steg heile vegen, så vi må kunne ha ei slik målsetting.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.