Hopp til innhold

Dette er ein del av skuleundervisinga på Stad

På knallblått og ope hav har elevane på Stadlandet ungdomsskule surfing som ein del av skulekvardagen.

Surfing

MED HAVET SOM UNDERVISING: Gjengen på Stadlandet ungdomsskule har undervisning i symjing og surfing på stranda i Hoddevik.

Foto: Maja Engberg

– Alle hadde eit stort smil og var skikkeleg nøgd, seier initiativtakar og styremedlem i Stad Surfeklubb, Calle Magnusson.

På tysdag var første dag for elevane med våtdrakt og surfebrett i skulekvardagen. Framover skal elevane på Stad ungdomsskule reise til Hoddevika kvar andre tysdag i august, september, og oktober. Då bytter dei ut skulebøker med surfebrett og klasserom med kritkvit sand.

Under første undervising var forholda av det rolege slaget, og ikkje av typen som når det bles sterk storm ved Stad.

– Det var ein fin start med stille og rolege forhold. Alle syns det var skikkeleg kult å vere på stranda, heller enn eit klasserom, ler Magnusson.

Første gang for fleire

Sjølv om ungdomane på Stad bur ved ei av dei mest populære surfestrendene i Noreg, så er det fleire som ikkje hadde prøvd surfing før på tysdag.

– Av totalt 38 elevar var det kring 10 elevar som hadde prøvd surfing før, seier Magnusson.

Surfing

MED SURFEBRETT UNDER ARMEN: Elevane likte avbrekket frå klasserommet som dei fekk på Hoddevik med eit surfebrett under armen.

Foto: Maja Engberg

Ein grunn til at fleire ikkje har prøvd surfing, trur Magnusson kjem av ein manglande kultur for surfing på Stad blant dei lokale.

– Havet og sjøen er i større grad sett på som ein arbeidsstad, heller enn som noko kjekt. Mange har nok forfedrar og gamle slektningar som har opplevd problem på sjøen. Folk er nok litt redde for å bruke havet til noko kjekt, seier han.

Både symjing og surfing

Magnusson ville auke den lokale interessa for surfing, samt få inn kunnskapen om korleis ein skal forhalde seg til havet. Difor falt valet på å kombinere symjeopplæring med surfing for ungdomsskuleelevane.

– Interessa for surfing er ikkje den store her lokalt. Folk som kjem til Stad for å surfe er ofte frå andre stadar i landet eller frå utlandet, seier Magnusson.

Surfing

OPP OG FRAM: Fleire av ungdomane prøvde surfing for første gang, og det falt godt i smak.

Foto: Maja Engberg

Magnusson tok sjølv kontakt med Selje kommune for å få surfing inn i timeplanen. Etter eit positivt svar frå kommunen var neste steg finansiering.

– Eg søkte Nordfjord Vekst om støtte, men etter eit avslag spurte eg lokale entreprenørar. Dei stilte opp med pengar, instruktørar og gratis utstyr, seier Magnusson.

Rektor ved Stadlandet skule, Anita Otneim Hoddevik, var positiv til det unike tilbodet.

– Kombinasjonen surfing og utandørs symjeopplæring gjer det mogeleg for oss å oppnå nye kompetansemål for symjing i faget kroppsøving.