Hopp til innhold

Dette er éin av dei to veksande isbreane i Norge

Dei aller fleste store isbreane i landet har trekt seg mykje tilbake i år også. Men det finst to små lyspunkt.

Vetle Supphellebreen

FJÆRLAND: Vetle Supphellebreen går ned igjennom ei smal renne. Når det har snødd mykje på toppen av breen i løpet av fem år, veks breen i fronten når massen pressar seg framover. Storebror Store Supphellebreen har trekt seg tilbake.

Foto: Norsk Bremuseum i Fjærland

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Isbreane trekk tusenvis av turistar til landet kvart år. Breane fyller vasskraftdammane, og 17. mai syng vi at det blå har sin farge frå breen.

I år har 30 av 36 brear som blir overvaka, trekt seg tilbake. Fire er uendra, medan to brear viser framgang.

Alle breane som blir overvaka i Norge er mindre no enn dei har vore på mange hundre år.

Vi ser store tal på toppen av ein sterk trend, seier Hallgeir Elvehøy frå Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE).

Breane kan forsvinne om smeltinga held fram som no

Mange faktorar påverkar om breane veks eller krympar, mellom anna kor mykje det snør i høve til kor mykje som smeltar kvart år.

Det er store variasjonar frå år til år, og frå bre til bre. Men dei som forskar på isbrear ser på dei lange trendane. Og dei viser at breane stadig smeltar og trekk seg tilbake.

– Eg har jobba med isbrear i tjuefem år, og spesielt sidan tusenårsskiftet har det vore store endringar. Ein tenker gjerne på isbreane som ein del av fjellet. Dei berre ligg heilt i ro. Om du kjem tilbake til ein isbre no, 16 år etter, og har eit minne om korleis breen såg ut, er det kjempestore endringar, fortel Elvehøy.

21 brear har kontinuerleg blitt overvaka av NVE sidan tusenårsskiftet. Desse har i snitt trekt seg tilbake 258 meter sidan år 2000.

– Det er ganske mykje.

Når blir isbreane heilt borte?

– Om breane held fram å trekke seg tilbake som no, snakkar vi om 100–150 år. Det har blitt gjort nokre modellstudium på at dei fleste breane vil vere borte innan 2100, men kanskje ikkje dei største.

Laster innhold, vennligst vent..

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

To lyspunkt

Pål Kielland jobbar på Norsk bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten i Fjærland.

Der får turistar sjå med eigne auge korleis breen ser ut i dag i høve til for hundre år sidan.

– Folk forstår det når dei ser bilda frå då Bøyabreen gjekk heilt ned til vatnet. Nokre får litt dårleg samvit, "om eg reiser så langt, bidreg eg også til at det smeltar". Det er jo noko i det.

Han måler breane i området for NVE, mellom anna på Vetle Supphellebreen. Den var det positive innslaget på årets statistikk.

– Den har faktisk gått fram 16 meter. Vi har målt uvanleg mykje nedbør dei siste fem åra, så det er nok det som gir utslag. Eller kanskje den vil vise seg litt! Det er ei gladnyheit i ein elles dyster klimastatistikk.

Rekordmange turistar har kome til Norge for å sjå på dei store isbreane i sommar. Mange av dei som kjem, er opptekne av klimasaka og vil sjå breane før dei forsvinn.

Her kan du plusse på din klimakunnskap: