Hopp til innhold

«Liknar meir på ei elv enn ein veg»

I løpet av natta har is og vatn gjort stor skade på Herstadvegen i Naustdal. Bonde Arild Herstad køyrde på vegen med traktor, men torde ikkje køyre tilbake.

Mildvêr og regn har skapt ein enorm ispropp i elva Nausta i Naustdal. Vegen er overfløymd, og tre gardar er veglause. No må NVE gå laus på ismassane med gravemaskin.

SJÅ TV-SAKA: Mildvêr og regn har skapt ein enorm ispropp i elva Nausta i Naustdal. Vegen er overfløymd, og tre gardar er veglause. No må NVE gå laus på ismassane med gravemaskin.

– Det vert jo djupare og djupare på vegen, så eg ser ingen moglegheit til å køyre der no. Det ser meir ut som ei elv enn ein veg, seier Herstad.

Arild Herstad frå Naustdal køyrde på vegen i dag tidleg med traktor, men når han skulle køyre ein siste tur måtte han gje seg. Det var rett og slett for risikabelt, seier Herstad om den stengde vegen.

Fleire stengde vegar

Det vert meldt om fleire stengde vegar, sjå fullstendig oversikt på kommunane sine heimesider.

Tips oss gjerne på e-post sf@nrk.no dersom du veit om meir problem på vegane i Sogn og Fjordane.

Måtte bruke beina for å kome seg på jobb

Kona til Herstad, Solbjørg Herstad måtte tenke alternativt når ho skulle på jobb i Førde i dag tidleg.

Det var jo ikkje mogeleg å kome seg dit på vanleg måte so ho måtte parkere bilen og ta turen til fots på ein gamal stølsveg. På andre sida av fjellet fekk ho skyss til Førde og kom seg på jobb i tide, fortel Herstad.

– Ho måtte rett og slett gjere det på gamlemåten og ta beina fatt, seier Herstad humoristisk.

Vert ikkje opna i løpet av dagen

Det er framleis usikkert når vegen opnar, men det skjer ikkje i løpet av dagen, seier rådgjevar i Naustdal kommune, Annlaug Kjellstad

– Det går føre seg synfaring no, men det er så omfattande skadar på vegen at det er vanskeleg å seie når den opnar igjen, seier Kjellstad.

I løpet av natta har is og vatn gjort stor skade på Herstadvegen i Naustdal. Bonde Arild Herstad køyrde på vegen med traktor, men torde ikkje køyre tilbake.

ISPROPP: Her er det eigentleg ein veg, men elva renn der den vanlegvis går. (Foto: Vegard Tjørhom)