Hopp til innhold

Dette er dommen mot den tidlegare fylkestoppen

Sogn og Fjordane tingrett har dømt ein tidlegare fylkestopp og idrettsleiar til to år i fengsel, fordi dei meiner han har kjøpt privat utstyr til 3 millionar for fylkeskommunen sine pengar.

Fjordane tingrett

DØMT: I Sogn og fjordane tingrett vart den tidlegare fylkestoppen dømt til to år i fengsel.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I følge dommen skal mannen ha kjøpt datautstyr, filmutstyr, lyd- og lysutstyr, verktøy, dronar, treningsutstyr, bygningsmateriale, champagnekjølarar og ein røykmaskin som til saman har kosta millionar av kroner.

Retten legg til grunn at mannen ikkje skal ha trengt dette utstyret i jobben sin i fylkeskommunen, men at han har brukt det privat.

Les også: Fylkerstopp dømt til to år i fengsel

Han er dømt etter straffelova (frå 1902) sin paragraf 276, som handlar om å «skaffe seg...en uberettiget vinning» og «brot på den særlige tillit som følgde hans stilling».

Retten har dømt han til to år i fengsel, og til å betale 2,7 millionar kroner i erstatning til fylkeskommunen.

Mannen innrømte at han hadde kjøpt ein del ting som jobben hans ikkje trengde, men han meinte det var tale om gjenstandar til rundt 200 000 kroner.

800 beslag i straffesak mot utru fylkestopp.

MYKJE UTTSYR: Her er noko av utstyret mannen skal ha kjøpt for fylkeskommunen sine pengar.

Foto: Bård Siem / NRK

Meiner han skulle gje gåver

Innkjøpa skal ha gått føre seg over tre og eit halvt år, og til saman skal det ha vorte kjøpt inn meir enn 12 500 gjenstandar.

Den dømte mannen meiner sjølv at ein del av innkjøpa han er skulda for å ha gjort, skulle brukast til gåver til studentar og tilsette. Han meiner mellom anna at han har kjøpt laptopar, dufflebaggar og iPadar til å gje vekk i rekrutteringsarbeid.

Mannen skal ha kjøpt svært mykje lydutstyr, mellom anna fem PA-anlegg som til saman har hatt ein verdi på 416 758 kroner. Han hevdar at dei fem anlegga skulle brukast i fylkeskommunalregi, men retten meiner det ikkje har skjedd. Dei hevdar heller at eitt av anlegga skal ha blitt brukt i idrettsklubben der den tidlegare fylkestoppen har vore aktiv.

Kjøpte filmutstyr til nesten to millionar

Mannen skal ifølgje retten også ha kjøpt svært mykje filmutstyr. Han meiner sjølv at det er kjøpt inn til bruk i fylkeskommunen, men ein sakkunnig har til retten fortalt at utstyret er mykje dyrare og meir avansert enn det som hadde vore naturleg å kjøpe inn då. Utstyret skal vere av typen som vert nytta i profesjonelle filmproduksjonar.

I dommen kjem det fram at ein underordna i fylkeskommunen stussa over fleire av innkjøpa til den dømte, og at det var slik det først vart fatta mistanke om at noko var gale.

Til saman har 46 vitne gitt si forklaring før retten kom fram til si slutning.

Mannen sin forsvarar har endå ikkje bestemt seg for om dei skal anke dommen.