NRK Meny
Normal

Dette er den nest farlegaste jobben du kan ha

STEINVIK (NRK): Ei ny kartlegging ifrå SINTEF syner at havbruk er den nest farlegaste arbeidsplassen i landet.

ingress

KAN VERE FARLEG: Å jobbe på havbruk kan vere farleg, men her på Steinvik Fiskefarm har dei aldri hatt alvorlege ulukker.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Å jobbe på eit havbruk er nummer to, altså den nest farlegaste arbeidsplassen i Noreg. Det er berre fiskarar som har ein farlegare arbeidsplass, og det gjeld både fare for skade og fare for død, seier Ingunn Marie Holmen hjå SINTEF.

Det er første gong nokon har kartlagt skadar og dødsfall i havbruksnæringa. Til saman har forskarane funne 34 rapporterte dødsfall, og mange fleire skadar, på norske oppdrettsanlegg.

Ingunn

NYBROTSARBEID: Ingunn Holme ved SINTEF har forska på dødsfall og skader i havbruksnæringa

Foto: NRK

– Arbeidarane på desse anlegga jobbar gjerne med tungt utstyr og sterke krefter. Då kan det oppstå farlege situasjonar, og vi ser at ein god del av dødsfalla har vore i samband med klemskader og liknande.

Dei som arbeidar på havbruk kjem også i nærkontakt med det våte element, og drukning og ulukker i samband med dykking har også ført til dødsfall.

ny2

STRÅLANDE: Å jobbe på havbruk vil seie at du stort sett er ute på jobben. Då er det greitt med strålande sol slik som her i Steinvika.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Mykje kan skje, men eg kjenner meg trygg

Trygve Gullaksen er båtførar og verneombod på eit oppdrettsanlegg i Steinvika i Flora kommune. Han seier at det er mykje som kan skje på eit slikt anlegg, og at ein heile tida lyt følgje med.

trygve

KJENNER SEG TRYGG: Trygve Gullaksen ved Steinvik Fiskefarm er klar på at han kjenner seg trygg i arbeidskvardagen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Særleg om det er dårleg ver og ein er åleine kan farlege situasjonar oppstå. Og så er det mykje belastningsarbeid og mykje tungt utstyr. Det er mykje som kan skje, så ein må følgje med heile tida.

Gullaksen seier at dei tenkjer på tryggleik til kvar ei tid, og han er heilt klar på at han ikkje føler seg utrygg i arbeidskvardagen.

bilete

TITUSENVIS: Her sym det titusenvis av oppdrettslaks.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Om eg hadde kjent meg utrygg hadde eg ikkje drive på med det her. Vi har gode rutinar og eit veldig medvite forhold til tryggleiken vår. Vi går aldri utanfor komfortsona vår, for å seie det sånn. Det vil aldri vere verdt det.

tryggleik

TRYGGLEIK FYRST: Trygve Gullaksen seier at dei fokuserer mykje på tryggleik på havbruket der han jobbar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Meiner det går riktig veg

Holmen hjå SINTEF har også inntrykk av at dei tilsette på norske havbruk tenkjer på tryggleiken, og ho poengterer at situasjonen byrjar å bli betre.

– Utstyret som vert brukt er mykje betre enn før, og ein er mykje meir oppteken av tryggleiken enn det ein var før. Det er ingen tvil om at det går rett veg, seier Holmen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.