Hopp til innhold

Dette er dei nye politisjefane i Vest

Tilsetjingsrådet har landa på kven dei ynskjer som geografiske leiarar i det nye politidistriktet.

Arne Johannessen

RYKKJER OPP: Arne Johannessen er ein av seks leiarar som tilsetjingsrådet i Vest Politidistrikt ynskjer seg.

Foto: Christian Blom / NRK

Gamle Hordaland politidistrikt og gamle Sogn og Fjordane politidistrikt skal frå 1. mars neste år vere oppe å gå som eit nytt politidistrikt, Vest politidistrikt. I den nye organisasjonen utgjer Sogn og Fjordane fylke ei eining.

I går leverte tilsetjingsrådet tilbod til dei seks personane dei ynskjer skal leie einingane:

Leiar geografisk driftseining Bergen/Sotra/Askøy/Øygarden – Olav Valland (61) frå Øystese

  • Fungerande leiar og visepolitimeister for avdeling Hordaland. Tidlegare politistasjonssjef for Bergen sentrum politistasjon. Han har også bakgrunn som administrasjonssjef, Namsfogd, politiinspektør i Politidirektoratet og han har jobba i Justisdepartementet. Valland har også brei erfaring som lensmann og politibetjent.

Leiar geografisk driftseining Sogn og Fjordane – Arne Johannessen (59) frå Øystese. Busett i Luster.

  • Driftseiningsleiar i Driftseining Sogn. Han har vore både forbundsleiar og forbundssekretær i Politiets Fellesforbund i ein lengre periode.

Leiar geografisk driftseining Hordland – Jan Ludvig Fosse (58) frå Dimmelsvik

  • Lensmann i Kvinnherad sidan 1997. Han har også vore Namsfogd i Bergen. Har brei erfaring som lensmannsførstebetjent og lensmannsbetjent.

Leiar felles eining for operativ teneste – Morten Ørn (57) frå Oslo

  • Konstituert leiar for Felles eining for operative tenester. Han har tidlegare vore politistasjonssjef for Bergen Sør, har vore leiar for register- og analyseseksjonen i gamle Hordland politidistrikt. Han har også jobba som etterforskar/spesialmedarbeidar.

Leiar felles eining for førebygging – Kari Marie Kjellstad (57)

  • Internasjonal rådgjevar i Politidirektoratet. Har tidlegare vore fungerande leiar for felles operativ eining. Ho har vore seksjonsleiar for register- og analyseseksjonen og har erfaring som seksjonsleiar for etterforsking. Ho har brei erfaring som politibetjent/politiførstebetjent, mellom anna innan organisert kriminalitet, etterretning, narkotikaanalyse og vald.

Leiar felles eining for etterretning og etterforsking – Helge Stave (48) frå Askøy

  • Prosjektleiar for Prosjekt nytt politidistrikt i Vest politidistrikt. Han har tidlegare vore lensmann og seksjonsleiar. I tillegg har han jobba i Politidirektoratet som assisterande programdirektør, og har lang og brei erfaring som politibetjent i ulike avdelingar.

Frå før består leiargruppa i Vest politidistrikt av:

  • Politimeister Kaare Songstad (51)
  • Visepolitimeister Ida Melbo Øystese (48)
  • Leiar stab for HR og HMS Linda Endresen Birkeland (57)
  • Leiar stab for verksemdstyring Trond Arne Aglen (45)
  • Leiar stab Arne Lutro (40)
  • Leiar PST Øyvind Tenold
  • Leiar felles eining for påtale, Gunnar Fløystad (54)
  • Leiar for felles eining for utlending og forvalting, Ane Kvaal (50)
  • Leiar for felles eining for sivil rettspleie er førebels ikkje utlyst.