Hopp til innhold

Første kyrkje i Norge med to spelepultar til orgelet

Som første kyrkje i Noreg har Bygstad kyrkje i Gaular kommune fått eit digitalt orgel med to spelepultar. På søndag er det klart for innviing og konsert.

Bygstad kyrkje er først i Norge med nytt digitalt orgel med to orgelpultar.

BYGSTAD KYRKJE: Kyrkja har fått nytt digitalt orgel med to spelepultar. Med: Kjell Ivar Aase (Foto/redigering: Silje Bjerknes)

– Det er faktisk den første installeringa i Noreg!

Kjell Ivar Aase er organist i Bygstad kyrkje, og er glad for den nye investeringa. Som første kyrkje i Noreg har Bygstad fått to separerte digitale spelepultar til orgelet. Fleire stadar i Noreg kan ein finne pipeorgel med to spelepultar, men Bygstad kyrkje blir den første av sitt slag med to spelepultar på eit digitalt orgel.

Spesielt tilpassa kyrkja

Orgelpiper

ORGELPIPER: Bak desse pipene finn ein 14 høgtalarar som lyden strøymer ut frå.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Hjå mange av kyrkjene i landet er det vanleg med pipeorgel. Heilt sidan 1982 har Bygstad kyrkje hatt eit digitalorgel, men som følgje av utviklinga innanfor teknologien, var det no på tide med eit nytt.

Bestilt frå Nederland og tilpassa kyrkja i vinter, står det nye digitalorgelet no klart for framvising. Klassisk i utsjånad og med tangentar av tre, sklir dei nye spelepultane perfekt inn i omgivnadane.

Lyden strøymer ut frå fjorten høgtalar samla i ei orgelboks på galleriet, noko som gir ein god lyd utover lokale. Når eit digitalorgel blir laga, tek ein opp kvar enkelt tone frå eit vanleg pipeorgel. Deretter legg ein det inn i ei datamaskin, og koplar kvar tone til rett tangent på orgelet.

–Det er nesten som ein bunad. Leverandøren kjem og tilpassar orgelet til kvar enkelt kyrkje. Kvar einaste tone blir intonert for å passe kvarandre og kyrkjerommet perfekt, seier Aase.

Større fridom

For Aase er det viktig å kunne vere ein del av forsamlinga når han vil det, og trekke seg unna når det passar seg.

organist

SPENT: Organist Kjell Ivar Aase gler seg til konserten på søndag.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

–I gravferd er det naturleg å sitte på galleriet. Eg syns det blir for mykje blikkfang dersom du sit saman med forsamlinga. Du vil ikkje vere ein del av sorga. På same måte som i bryllaup, så vil ikkje du vere ein del av festen og gleda. Du vil la dei gjere det i fred, utan at organisten sit midt opp i det, seier Aase

Og akkurat dette var bakgrunnen til at Bygstad fekk to spelepultar til det nye orgelet. Under eit besøk på fabrikken i Nederland nemnde Aase at han godt kunne tenke seg å sitte saman med forsamlinga og spele, men at han ikkje alltid synest det passa seg. Då kom leverandørar på ideen om at kyrkja kunne få to spelepultar.

–Så no har vi to heilt like spelepultar, men lyden kjem framleis frå den same plassen, seier Aase.

Praktiske og økonomiske fordelar

Sjølv merkar Aase fleire fordelar med digitalorgel.

–Eit pipeorgel er som ein baby. Det har levande tremateriale, som du heile tida må stelle med. Det treng jamn fukt og kan ikkje fryse, seier Aase

Men han ser også dei økonomiske fordelane med å velje eit digitalorgel framfor pipeorgel.

–Skulle vi hatt eit pipeorgel, burde vi hatt eit med minimum 17–18 stemmer, noko som hadde kosta rundt tre og ein halv millionar. Så det er klart at den økonomiske fordelen er der. Eit digitalorgel kostar nærmare 400 000, seier Aase.

Møtte motstand

Det har ikkje vore berre enkelt å innføre digitalorgel i kyrkjelyden. I starten møtte han mykje motstand, og det var ikkje alle som meinte eit digitalorgel passa seg i kyrkje.

–Men eg fekk også mykje støtte. Til slutt måtte eg berre tenke at eg er tilsett i ein kyrkjelyd, og mi oppgåve er å få folk til å synge, og det kan eg få til med dette orgelet, seier Aase og smiler.

Ein god nummer to

Men ifølgje Aase vil eit digitalorgel aldri fullt kan erstatte eit ekte pipeorgel.

Orgel

ORGELET: Tangentane og orgelet er laga av tremateriale.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

–Det er ikkje alle plassar ein skal gå digitalt, det er eg den første som kan sei. I store kyrkjer med god klang, der ein kan få god lyd, vil pipeorgel vere det beste.

Likevel trur han ikkje at publikum vil merke dei store forskjellane.

–Det gir veldig god lyd, og det er det er det viktigaste for meg. Det nye orgelet er så avansert at sjølv eit trent orgeløyre vil ha problem med å høyre skilnad, meiner Aase.

Vil vise digitalorgelets mange sider

På søndag er det klart for konsert, og Aase gler seg til å vise fram orgelets beste sider. Han tykkjer det er viktig å vise kor godt orgelet fungerer både som soloinstrument og som akkompagnement til andre instrument.

–Det blir ein flott konsert, med mange dyktige delaktige. Eg gler meg til å vise digitalorgelet kan vere både tradisjonelt og utradisjonelt. Og når eg kan sitte saman med forsamlinga, får eg mykje betre kontakt både med koret, medspelar og dirigent, seier organisten.

Orgel
Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK