Dette er Brita og Hanne sine krav til topp-politikarane

FØRDE (NRK): Brita Jordanger Kirkeeide og Hanne Førde Midtbø meiner at politikarane må sørge for meir ressursar i skuleverket. Både fleire lærarar og betre tid til elevane.

Valkamp Arbeiderpartiet

MØTET: Brita Jordanger Kirkeeide (26) frå Vassenden har jobba eit år som lærar. Hanne Førde Midtbø (26) skal vere lærar for ei 8. klasse i Bærum denne hausten, men har vore vikarlærar før. Begge er nyutdanna. Her saman med Trond Giske (Ap).

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Val

Trond Giske har ein draum om at 60 000 ungar som byrjar på skulen kvar haust skal lykkast.

– Men 13 år etter er det ein av fire som ikkje har kome igjennom. Det er rundt 15 000 i kvart kull som endar opp, i alle fall i første omgang, utan fagbrev eller studiekompetanse, seier Giske.

Spørsmålet Giske stilte dei to nyutdanna lærarane, Brita Jordanger Kirkeeide og Hanne Førde Midtbø var: Kva kan vi gjere?

Eit vanskeleg spørsmål

Kirkeeide har jobba eit år i ein 8. klasse. Ho fortel om ein hard overgang frå lesesalen til arbeidslivet.

– Eg sat med rettebunkane og var usikker. Det å sitje på ein lesesal og skrive mastergrad var ein fjern kvardag i forhold til verkelegheita som møtte meg i skulen. Eg hadde knapt fritid det første året som lærar. Slik er det for dei fleste eg veit.

Valkamp

NYUTDANNA LÆRARAR: Brita Jordanger Kirkeeide (26) og Hanne Førde Midtbø (26).

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Ho meiner eit viktig grep for å sikre rekrutteringa til læraryrket er å auke kvaliteten i skulen, samt gjere kvardagen til læraren betre med å auke lærartettleiken. Ho fortel om klasserom så små at der knapt er plass til alle pultane elevane sit ved.

LES OGSÅ: Ap lover fire milliarder til skolen og 3000 nye lærere - NRK Norge - Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet

Både Kirkeeide og Midtbø fortel om eit komplekst yrke der mykje skal dokumenterast og fritimar raskt vert etne opp av utanomfaglege utfordringar som må løysast. Har ikkje barna det bra, hjelp det ikkje å snakke om fagleg kvalitet.

– Eg ønskjer å vere ein lærar som ser alle elevane og ikkje går heim med dårleg samvit. Relasjonar og godt læringsmiljø er kjempe viktig, seier Hanne Førde Midtbø.

Brukar mykje tid på sosiale utfordringar

– Lærarjobben er ein draumejobb, men lærarar eg har snakka med seier mykje tid går vekk til rydding i klasserommet, konfliktløysing, sosiale – og psykiske problem, seier Trond Giske.

– Psykisk helse og ungdom var knapt nemnt på lærarutdanninga. Vi må få inn meir om teikn på sjølvskading, angst og sosialt misbruk. Det er alt for dårleg, seier jentene.

Det viktigaste er å ha nok tid til kvar enkelt elev.

– Vi treng fleire lærarar og meir tid til å følgje opp elevane våre, seier Kirkeeide.

Lærarar møter Giske

MØTE MED GISKE: Jentene synest det er fint han tek seg tid til å møte og høyre på dei.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Må framsnakke yrket

– Dersom du ikkje lykkast med å rekruttere til læraryrket vil du i neste omgang mislykke i å rekruttere i alle yrke. Det er førande for kva kvar generasjon kjem med av kompetanse. Dessutan er det eit yrke elevane veit mykje om, dei har sett det på nært hald bli utøvd i 13 år, seier Giske.

Lærarar må også snakke positivt og ikkje berre klage om at det er krevjande. Eg trur oppsnakk er ein enkel og banal ting. Det er kjekt å vere lærar, også må ein ta godt vare på dei nyutdanna slik at dei vil fortsetje i jobben, seier Midtbø.