Hopp til innhold

Dette er blitt meir og meir trendy

FØRDE (NRK): Fleire og fleire vel campingplassen som feriemål. I fjor overnatta 7,5 millionar menneske på campingar rundt om i landet

Campingferie

TREND: Fleire og fleire reiser heller på campingferie om sommaren enn på andre ferieturar.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Du er fri. Vi køyrer når vi vil og stoppar når vi vil. Og ikkje minst kan vi reise dit vêret er best, seier Stig Stanghelle.

Han er på tur med campingvogna si fleire gonger på sommarhalvåret. Utanlandsturen tek dei heller på vinteren.

Aukande trend

Tal frå NHO Reiseliv viste i fjor at heile 7 490 969 var på campingferie i Noreg. Turistar frå utlandet står for mykje av det, men nesten 80 prosent av desse var nordmenn. Avdelingsleiar for camping i NHO Reiseliv, Jan-Henrik Larsen, trur mange søker den rolege ferien.

Jan-Henrik Larsen

OPPSVING: Jan-Henrik Larsen i NHO seier campingnæringa har fått ein oppsving dei siste åra.

Foto: Per Sollerman / NHO Reiseliv, , Per Sollerman

– Vi veit at mange har ein hektisk kvardag og vil ha fred og ro i ferien. Samstundes har mange campingplassar aktivitetstilbod for dei som ønsker det, og dei fleste campingplassane har no veldig fine anlegg for sanitær og fine hytter, seier Larsen.

På Førde gjestehus og camping hadde dei over 33.000 gjestedøgn i fjor, og tendensen er den same i år, ifølge dagleg leiar, Bjørn Inge Geithus. Han trur mange vel dei av miljøomsyn.

– Det er nok ein trend at mange oppfattar campingferien som eit grønare feriealternativ, seier Geithus.

Bjørn Inge Geithus

GRØNT: Bjørn Inge Geithus trur mange ser på campingferien som meir miljøvennleg enn andre alternativ.

Foto: Wibecke Bruland / NRK

Nina By reiser med familien i campingvogna 2–3 gonger i året, og ho har lagt merke til at det er fleire som gjer same no.

– Mange reiser med campingvogn, og eg trur folk trivst med det. Ein ser mykje. Når vi reiser får vi sett mange plassar i landet vårt, seier Nina By.

cmpingferie

CAMPING: Nina By reiser ofte på tur med campingvogna. No er ho og familien i Førde i høve Landsskyttarstemnet.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Legg igjen mykje pengar

Undersøkingar NHO har gjort viser at campingturistane er dei som legg igjen nest mest pengar rundt om, berre slått av hotellturistane. Når ein person brukar ei krone på campingplassen, brukar han om lag 4–7 kroner utanfor også, ifølge Larsen.

– Undersøkinga vi har gjort viser at ein person brukar 650–700 kroner i døgnet på ferien. Dei er på den måten med på å bidra til verdiskaping i nærområdet, seier Jan-Henrik Larsen.

campingplass

POPULÆRT: Her på Førde gjestehus og camping er det mange som ferierer på sommaren.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK