Hopp til innhold

Dette er bjølla som bergar liv i fjellet

Stadig fleire bønder sender sauene sine på beite med elektroniske bjøller rundt halsen. Teknologien gjer jobben til bonden lettare og livet til dyra tryggare.

E-bjølle på sau hos Lars Nesse i Lærdal

BÅDE STORE OG SMÅ: Den raude bjølla under halsen på sauen sender ved gitte mellomrom ut signal om kvar den er. Fleire og fleire tek i bruk teknologien. – Alle kan bruke dei, både bønder med små og store besetningar, seier sauebonde Lars Nesse i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving

Lars Nesse og lam som skal på beite i Lærdalsfjella

FOR SMÅ: Desse lamma får herje fritt i fjellet utan e-bjøller rundt halsen. – Dei er under vekst og er ganske tynne i halsen når dei blir sleppte på utmarksbeite, seier bonde Lars Nesse.

Foto: Jan Christian Jerving

– Det er til stor hjelp å vite kor dyra går. Ved bruk av slike bjøller i område med rovdyrangrep har ein til dømes sett at dyra er i plutseleg rørsle. Då vaknar dei som ser det og reiser for å finne ut kva som har skjedd, seier Lars Nesse i Lærdal.

Dei siste maidagane brukar han til å programmere e-bjøllene sine. Radiobjøller og e-bjøller er kort fortalt elektroniske bjøller som sender meldingar om posisjonen til dyra, anten via mobilnettet eller satellitt. Informasjonen er lett tilgjengeleg via pc eller mobil.

Bjøllene vil til dømes sende ut alarm dersom sauen ikkje har bevegd seg meir enn ti meter, i tidsrommet mellom at to meldingar blir sendt. Forklaringa kan vere at dyret har gått seg skorfast, er sjukt eller er angripe av rovdyr.

– Bruken av bjøllene aukar meir og meir, seier Nesse som også er nestleiar i Sogn og Fjordane Sau og Geit.

Logg på dataen frå Lars Nesse sine e-bjøller

DATAMASKIN: I teorien kan bonden sitte kvar som helst og ha kontroll med kvar i fjellet dyra held seg. Signala blir sende frå bjøllene til gitte tidspunkt.

Foto: Jan Christian Jerving

Lokka med tilskot

Bjørn Harald Haugsvær

STOR NYTTEVERDI: Assisterande landbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær seier dei får veldig mange gode tilbakemeldingar frå bønder som har brukt elektroniske bjøller på sauene sine.

Foto: Tale Hauso

I Sogn og Fjordane byrja Fylkesmannen i 2010 å legge pengar på bordet for å få bøndene til å teste ut elektroniske bjøller.

– Dette er eit godt hjelpemiddel for å finne dyra og for å få ned tap av dyr på utmarksbeite, seier assisterande landbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær.

Gjennom to ordningar kan bøndene søke om tilskot til innkjøp. Til no har alle søkjarar fått tilskot.

Har berga dyr frå døden

Med bakgrunn i rapportar frå bøndene samanfatta Fylkesmannen i januar 2015 nytteverdien av bjøllene som «svært god og stor».

Det blei også rapportert at livet til enkeltsauer vart berga fordi dei vart funne i tide.

– Bøndene er flinke å følgje opp når dei får signal frå bjøllene om at noko er unormalt. Då går dei til fjells og finn dyra på posisjonen bjølla gir. Er det eit sjukt dyr eller eit dyr som står fast, så kan bonden sette i gang tiltak og redde dyret, seier Haugsvær.

E-bjølle på sau

GPS-SPORING: Felles for radiobjøller og e-bjøller er at dei sender ut GPS-signal om kvar sauen er. Denne sauen har på seg ei såkalla e-bjølle som sender signala via satellitt.

Foto: Jan Christian Jerving

Håpar på endå fleire

Generalsekretær i Norsk Sau og Geit, Lars Erik Wallin, stadfestar at trenden med stadig meir bruk av elektroniske bjøller på sau er den same landet over.

Det er eit krav at bøndene har fysisk tilsyn med dyr på utmarksbeite minst ein gong i veka. Wallin understrekar at det framleis blir gjort.

– Bjøllene er eit hjelpemiddel, men tilsyn skal dyra ha uansett.

I Lærdal håpar Nesse at endå fleire vil dra nytte av bjøllene.

– Det har litt med kor mykje tilskot ein får. Fylkesmannen var ivrig då det starta, og det håpar eg dei kan halde fram med å vere.

Sauebonde Lars Nesse ladar opp sine 20 e-bjøller før sommaren

20 BJØLLER: Sauebonde Lars Nesse ladar opp sine 20 e-bjøller før beitesesongen startar. – Eg har bjøller på vel ein tredel av flokken min, seier han.

Foto: Jan Christian Jerving