NRK Meny
Normal

Dei har årets unge forretningsidè

Ein solcelleladar til mobiltelefonar vart kåra til den lysaste ideen då gründertalent frå fylket samla seg i Høyanger.

Årets Ide

9.-klassingane Natalie Nes, Helena Damli Rudi og Marte Hollevik frå Øvre Årdal vann pris i klassen beste ide med sine solcelledrivne ladarar.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Rundt 30 elevbedrifter fekk vise fram ideane sine for medelevar frå fylket, politikarar og bedrifter i Høyanger.

På Entreprenørskapsmessa i Høyanger kom ungdomane med alt frå teknologiske nyvinningar til sosialt entreprenørskap.

– Vi har brukt mykje tid på å finne ut korleis vi kan produsere ideen vår, fortel Natalie Nes, Helena Damli Rudi og Marte Hollevik frå Øvre Årdal.

Dei har vore i kontakt med den lokale solcellefabrikken Norsun og fått 3D-printa deksel til ladaren som vann beste idé.

Sundrive, Årets ide

SOLCELLER: Elevbedrifta Sundrive fekk hjelp av Norsun i Årdal for å ordne solceller til ladaren, og av elevar på vidaregåande til å lage dekselet ladaren skulle vera inni. No vil dei tene pengar på oppfinninga.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Målet er å selje mange og tene masse pengar på det til slutt. Det har vore mange vaksne innom standen og skrytt av ideen vår, så eg har trua på det, seier Natalie Nes.

Vil få ungdommar til å drive lokalt entreprenørskap

Elevane frå 8. og 9. klassane rundt i fylket skal sjå karrieremoglegheiter i lokalområdet. Det er målet til Hanne Ørnhaug frå Sogn regionråd.

– Eg trur dette er ein dag som gjer inntrykk og gir grunnlag for tankar og idear for elevane. Kanskje dei får tankar om kva dei kan gjere i framtida og bidra med sjølve, seier Ørnhaug.

Hanne Ørnehaug

REGIONRÅDET: Hanne Ørnhaug håpar ungdomane ser moglegheiter for bedrifter som kan lukkast i lokalområdet.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Å sjå moglegheiter framfor hindringar, er noko elevbedrifta Eldreaktivitørane frå Lærdal gjer.

Dei vel å bruke prosjektet med elevbedrift til å halde eldre med selskap.

– Vi tenkte dei eldre også treng noko å gjere på. Så vi er der kvar tysdag, med bingo og vi syng og bakar saman. Det er veldig triveleg, seier Simen Lysne, Birthe Neshagen, Olaug Søvde Berg.

Eldreaktivitørane

Eldreaktivitørane, Simen Lysne, Birthe Neshagen, Olaug Søvde Berg

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Heiar på sosialt entreprenørskap

Holger Aasen

Dagleg leiar i ungt entreprenørskap i Sogn og Fjordane, Holger Aasen

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Ungt entreprenørskap i Sogn og Fjordane er blant arrangørane av entreprenørskapsmessa i Høyanger. Leiar Holger Aasen trur elevane frå Lærdal er inne på noko.

– Sosialt entreprenørskap er kjempeviktig. Det burde vera obligatorisk for alle ungdomsskuleelevar å ha aktivt entreprenørskap på skulen, meiner Aasen.

Glade ordførarar

Også politikarar frå kommunane kring Høyanger har teke turen for å sjå kva idear dei unge kjem opp med.

Ordførar i Luster Ivar Kvalen og ordførar i Balestrand Harald Offerdal

Ordførar i Luster Ivar Kvalen og ordførar i Balestrand Harald Offerdal har stor tru på dei unge entreprenørane.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

–Det er utruleg mange gode bedrifter der elevane har hatt gode idear og klart å sette dei ut i livet. E trur det er nyttig å ha med seg vidare, det å skjøne kvar inntektene kjem frå og skape noko sjølv, seier ordførar i Luster, Ivar Kvalen.

Her er alle vinnarane:

  • Beste stand: Stol på gutta
  • Beste elevbedrift: Smitt og smule
  • Beste nærmiljø og lokalsamfunnsprosjekt: Hæ?
  • Beste miljøprofil: Smitt og smule
  • Beste salsbedrift: T & J Småjobber
  • Beste idé: Sundrive
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.