Hopp til innhold

No har forskarane identifisert «draumeturisten»

«Draumeturisten» er frå Nord-Italia, er mellom 35 og 55 år, og har minst fire gonger høgare inntekt enn snittet i EU. Han blir lenge i Noreg – og «han» kan like gjerne vera ei ho.

Trollbilar på veg til Briksdalsbreen med turistar

DRAUMETURISTEN: Vestlandsforsking har sett både på miljø og økonomi når dei har leita seg fram til kva turist som er mest attraktive for Noreg.

Foto: Silje Guddal / NRK

Slik skildrar Vestlandsforsking «draumeturisten». I fjor intervjua dei 5.000 turistar på mellom anna ferjesamband og flyplassar for identifisere kva turistar ein kan leve av.

No er rapporten klar.

– Vi såg etter turistar som har høg inntekt, brukar mykje pengar, som likar å vere i Noreg ei stund og som har lyst til å vere med på mange ulike aktivitetar. Det tok oss til Nord-Italia, seier førsteamanuensis Ove Oklevik.

Miljøperspektiv avgjorde

Ove Oklevik i Vestlandsforsking

FORSKAR: Sjølv om «draumeturisten» er identifisert, seier Ove Oklevik at ein ikkje kan gløyme dei andre turistane. – Det hadde blitt «sveltihel». Norsk reiseliv kan ikkje berre leve av rike italienarar og amerikanarar. Vi må ha fleire å lene oss på, seier han.

Foto: Vestlandsforsking

Undersøkinga avdekka at også asiatar, amerikanarar og nederlendarar utpeika seg som gode turistar.

Ut frå eit miljøperspektiv, er det likevel turistane frå pizzalandet som gir best utbyte.

– Det er mange segment ein kan leve godt av, men Nord-italienarane er nærare oss og er lettare å hente enn amerikanarar og asiatar. Det kostar mindre i miljøbelastning, seier Oklevik.

Ein million i årsinntekt

– Dei tener veldig godt. Faktisk nesten like mykje som amerikanarar og asiatar – og betydeleg over snittinntekta i heimlandet og EU, held forskaren fram og legg til at «draumeturisten» i snitt har ei årsinntekt på like under millionen.

– Han vil typisk vere her i åtte dagar, og likar aktivitetar. Det vere seg fisketur, sightseeing, teater og shopping, seier Oklevik. Undersøkinga har gjeve eit slikt rikhaldig kjeldematerial, at Vestlandsforsking også vil sjå nærare på kva aktivitetar som lokkar.

Vil ha fred og ro

Men kva så med nederlendarane, som med tanke på reiseavstanden er ei like «miljøvennleg» turistgruppe?

– Den marknaden er også veldig interessant, men dei tener kanskje ikkje like mykje. Dei vil til gjengjeld vere her mykje lenger. Faktisk opp mot 14 dagar, seier Oklevik og legg til at det er eit anna lite «men». Nederlendarane ynskjer i større grad fred og ro.

– Medan italienarar, asiatar og amerikanar vil oppleve mest mogleg på kortast mogleg tid, vil nederlendarane stresse ned. Dei har ikkje same driv for å vere med på opplevingar og aktivitetar, seier han.

Nytt rekordår i fjor

Vestlandsforsking har prøvd å finne balansen mellom økonomiske og miljømessige vinstar. Cruiseturistane har ikkje vore del av undersøkinga.

Noreg blir eit stadig meir og meir populært reisemål. Ifølgje NHO Reiseliv sette norske reiselivsbedrifter rekord for femte året på rad med 33,8 millionar overnattingar i fjor.

Ein tredjedel var utanlandske gjester. Også det ein auke.

Samstundes som Noreg treng turistar som legg att pengar, har veksten ei bakside.

– Kanskje må ein dreie fokus frå «flest» til «kven»? Nokre destinasjonar blir det så tett med turistar at ein får køproblematikk, og det dreg ned opplevinga både for tilreisande og fastbuande, seier Oklevik.

– Kan vere kresne

Vestlandsforsking har allereie presentert rapporten for reiselivsaktørar. Oklevik håpar at funna deira gir næringa ei hjelpande hand med å kommunisere målretta i marknaden.

– Men ynskjer vi vekst i reiselivet, så kan vi kanskje tillate oss å vere kresne på kva marknad vi ynskjer å auke. Då er det nærliggande å tenkje marknadane med størst potensial til å dra inn meir verdiskaping, avsluttar Oklevik.