NRK Meny
Normal

Dette byrja ho med hausten 2013 - no er ho i norgestoppen

Lisbet Hjartholm (37) frå Brekke i Gulen vart introdusert for bodyfitness hausten 2013. For to helgar sidan tok ho 3.-plass i Oslo Grand Prix.

Lisbet Hjartholm under Oslo Grand Prix

TOPP TRE: Lisbet Hjartholm frå Brekke i Gulen tok 3. -plass i si klasse under Oslo Grand Prix.

Foto: Sofie Duvhök Johansson

Sognejenta gjekk i påska til topps i «Loaded Cup» i Danmark i bodyfitness master, samt at ho tok tredjeplass i klassen opp til 163 cm. Helga før fekk ho 1.-plass i «Sandefjord Open».
Men det var ganske tilfeldig at ho vart introdusert for body fitness.

– Eg tok nokre timar med personleg trenar for å betre min eigen teknikk. Eg trengde litt motivasjon til å halde fram treninga, seier Hjartholm.

Var litt skeptisk, men så ...

Trenaren, som også trenar fitness-jentene i Bergen, inviterte henne med på poseringstrening for å sjå kva det eigentleg handla om.

– Eg var veldig skeptisk til å stille meg opp i bikini med november-bleik hud og saman med ein haug med jenter eg ikkje kjende, seier Hjartholm.

Men ho såg potensialet og meinte at dette var noko ho kunne klare. Men ho er klar på at det kostar.

– Det er trening kvar einaste dag. Ikkje nødvendigvis styrketrening, men ein eller annan form for trening. Vi driv mykje med powerwalking der ein ligg tett opp mot fettforbrenningssona, seier Hjartholm.

Er nede i 1300 kaloriar om dagen

I tillegg til treninga må ho følgje eit strengt kosthaldsregime.

– Du har ein plan som du må følgje. I byrjinga, fire-fem månadar før konkurranse, går det greitt. Men dei siste to månadane strammast det godt inn. Spesielt svelte-månaden, seier Hjartholm.

Like før konkurranse har ho vore nede i 1300–1400 kilokaloriar om dagen.

– Og det er normalt det kroppen brukar ved å liggje i ro på sofaen heile dagen, seier Hjartholm.

Lisbet Hjartholm poserer frå sida

MYKJE TRENING: - Det krevst mykje, både av fysisk trening, kosthald og ikkje minst posering, seier Lisbet Hjartholm, her under Oslo Grand Prix.

Foto: Sofie Duvhök Johansson

Skal representere Norge i EM

Plasseringa i Oslo Grand Prix var så god at Hjartholm no har fått beskjed om at ho får delta i EM i Spania i mai.

– Så eg skal representerer Norge i bodyfitness master-klassen om ein månad. Det er heilt utruleg. Det var ingen som hadde trudd eg skulle komme dit no, seier Hjartholm.

Ho er for tida på treningsferie i nettopp Spania for å lade opp til EM.

– Eg vil jo gjere det så godt eg kan i EM. Men dette var noko eg ikkje hadde tort å håpe på allereie no. Eg har i grunnen berre teke ting som det kjem, seier Hjartholm.

Sender stor takk til plattform-kokkane

– Det tek mykje tid, men akkurat no har eg den tida. Gjer eg det bra i EM opnar det seg moglegheiter for å kunne stille i VM til hausten, seier Hjartholm.

Ho takkar vener og familie for støtta, og ikkje minst kokkane på plattforma ho jobbar på. Hjartholm jobbar nemleg offshore for Statoil.

– Og der er det utruleg mykje freistingar. Men kokkane eg jobbar skift med er utruleg flinke til å hjelpe meg. Hadde det ikkje fungert offshore kunne eg berre gløymt det, ler Hjartholm.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser