Hopp til innhold

– Vinglas må vi ha, kanskje eit ekstra til ein gjest

Er du klar for festival i helga? Då bør du lese festivalveteran Stine Kyrkjebø Johansen sine beste tips til ei god oppleving. Særleg om du skal bu i telt.

Stine Kyrkjebø Johansen

FESTIVALKLAR: Kollega Stine Kyrkjebø Johansen er klar for Malakoff på Nordfjordeid. Onsdag handla ho inn det siste ho trong før festivalstart på torsdag.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Vinglas må vi ha, kanskje eit ekstra til ein gjest, seier kollega Stine Kyrkjebø Johansen.

Onsdag var ho innom Biltema i Førde for å gjere dei siste førebuingane, før ho reiser på festival.

Lista på kva ho skal handle er lang: Campingstol, liggeunderlag, vinglas, teppe, lyslenke og anna pynt.

Saman med fleire tusen andre skal ho torsdag til den 16. utgåva av rockefestivalen Malakoff.

I helga er det fleire festivalar rundt om i landet, Malakoff på Nordfjordeid og Slottsfjell i Tønsberg er to av dei største. For dei fleste er festivalcamp ein viktig del av festivallivet.

SJEKK FESTIVALVÊRET: Fredag får det finaste festivalvêret!

SJEKK TELTET: Sjå kva som skjedde då kollega Stine Kyrkjebø Johansen sjekka teltet før ho reiste til Nordfjordeid og Malakoff.

Stine sine festivaltips

– Det viktigaste å ha med er godt humør, seier Kyrkjebø Johansen.

For Kyrkjebø Johansen handlar det om å lage det koseleg til på festivalcampen som blir heimen deira denne helga.

  • Mobil, lommebok, ladar og kanskje ein powerbank. På dei fleste festivalar er der ladestasjonar.
  • Telt, liggeunderlag og sovepose.

Kyrkjebø Johansen seier det kan vere veldig lurt å sette opp teltet før avreise. Sjølv fann ho ut at deira telt mangla fleire deler, og dermed fekk dei tid til å kjøpe eit nytt eit før avreise.

Solkrem til solrike dagar, støvlar dersom det blir regn, og ikkje minst eit smil – då kjem du veldig langt, seier ho med eit stort smil.

Sel mykje campingutstyr

På Biltema sitt hovudkontor veit dei godt at festivalsesongen er godt i gong.

– Vi merkar at salet av stolar, campingbord, utstyr til å lage mat og telt aukar i varehus i nærleiken av festivalar no på sommaren, seier marknadssjef Dag Bergby.

Bergby seier det er stor konkurranse om kundane, men trur dei trekkjer for lav pris og god kvalitet. Til festivalar er det spesielt ein ting kundane er på jakt etter.

– Det er telt. Dei små, rimelege telta som ikkje gjer noko om blir øydelagd etter ei hard festivalhelg, seier Berby.

Malakoff 2016 camp

TELT: Stine sitt tips er å sette opp teltet opp før avreise. I tillegg bør du hugse å sette det opp før du startar festinga.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Campingstolar

På Europris på Nordfjordeid har butikksjef Helene Vindfjell førebudd seg på Malakoff i fleire månader.

– Campingstolane bestilte vi inn i mai-juni, seier ho.

Det er desse dei sel mest av når Nordfjordeid blir vertsskal til festivaldeltakarar.

Medan nokon kjem til butikken med handleliste og full kontroll på kva dei skal handle inn, er det andre som kjem inn i full fart etter at dei oppdaga at enten telt eller sovepose mangla då dei kom på festivalområdet.

– Vi sel alt ifrå chips til tannkrem, så vi har alt dei treng til festivallivet, ler Vindfjell.

Vindfjell har i år strekt seg litt lengre enn vanleg for å sikre at festivaldeltakarane får i seg kald drikke.

– Vi har fått inn nokre frysarar, så fryseelementa sel vi klar til bruk, fortel butikksjefen.

Malakoff 2016 camp

FESTIVALCAMP: Slik kan festivallivet vere når sola smiler.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK