Hopp til innhold

Dette bør du gjere før du skal ut med bilen igjen

Skal du ut i trafikken dei neste månadane? Då har Vegvesenet ei oppmoding til deg.

Bil

SJEKK LYSA PÅ BILEN: Altfor mange køyrer rundt med berre eitt hovudlys på bilen sin, seier Vegvesenet som ber folk skjerpe seg.

Foto: Jørn Inge Johansen / NRK

– Vi vil be alle førarar om å ta ein ekstra sjekk av lysa sine, seier inspektør Roger Løvlid i Statens vegvesen.

Han og kollegaene ser stadig folk som køyrer rundt med manglande lys. Då dei hadde kontroll på Kaupanger og Hafslo i Sogn måndag vart det skrive ut til saman åtte mangellappar til førarar som køyrde rundt med manglande lys på køyretøya sine.

Eitt av køyretøya mangla begge hovudlysa og fekk rett og slett ikkje køyre vidare.

– Det er ikkje ofte vi ser dei som manglar begge hovudlysa. Men det er veldig mange som køyrer med eitt hovudlys, og plutseleg kan også det andre ryke. Og då blir det mørkt, seier Løvlid.

Til fare for seg sjølv og andre

Dei åtte som fekk mangellapp for manglande lys må innan ei viss tid vise fram køyretøyet på ein verkstad – då med alle lysa i orden.

Løvlid trur det er mange som ikkje tek seg tid til å sjekke at lysa på køyretøyet er i orden.

Og det kan fort bli farleg. Både for den som køyrer rundt med manglande lys, og andre. Køyrer du til dømes rundt med framlys på berre eine sida på ein bil, vil du sjølv få dårlegare sikt, Samtidig kan andre tru at det er ein motorsykkel som kjem imot.

– Nokre veit at dei køyrer rundt med berre lys på eine sida, medan andre ikkje veit det. Når vi gjer folk merksame på det er det mange som vil køyre til ein verkstad og ordne det med det same, fortel Løvlid.

Kan gjere innhogg i lommeboka

Køyrer du rundt i ein bil som manglar både parklys og nærlys på eine sida, kan resultatet blir at Vegvesenet politimelder deg.

Ifølgje forskrift for forenkla førelegg i vegtrafikksaker kan feil på nærlys, fjernlys eller køyrelys også resultere i at politiet gir deg ei bot på 2.550 kroner.

Operasjonsleiar Ole Tom Nord i Vest politidistrikt seier også politiet slår ned på manglande lysbruk i haustmørket.

– Køyrer folk rundt med berre eitt eller ingen hovudlys vil nok køyretøyet bli stoppa og kontrollert. Oppmodinga frå Vegvesenet er vi heilt klart samde i.

– Ta ei runde rundt bilen din og sjekk lysa. Det er så lite som skal til, er den enkle beskjeden frå Løvlid.