NRK Meny
Normal

Dette blir fylkets største fiskebåt

Det blir stadig færre fiskebåtar med heimehamn i Sogn og Fjordane, men dei som er att kostar meir og større enn nokon gong.

Ringnotbåten Torbas

RUVAR: 70 meter lang «Torbas» ligg klar for utrusting ved verftet på Raudeberg. Båten er designa i Måløy, og eigd av raudebergarar.

Foto: Bjarne Eldevik

– Dette er Norges tøffaste fiskebåt, seier Agnar Lyng.

Saman med broren Tore eig han reiarlaget Torbas på Raudeberg i Vågsøy. No satsar dei 200 millionar kroner på ein ny superbåt.

Gir 70 arbeid i heimbygda

Sist veke kom skroget til det som skal bli ringnotbåten «Torbas» frå Polen til Stadyard - verftet på nettopp Raudberg. Her skal det som blir den største og mest moderne av fiskebåtane i fylket utrustast. Det gir 70 personar arbeid ved skipsverftet dei neste månadenene.

Øsne og glade reiarar, og ein minst like nøgd verftsjef tek NRK.no med rundt i det som blir eit av flaggskipa til fiskeriflåten. «Torbas» ruvar ved verftskaia. 70 meter lang, 15 meter brei, og med eit lasterom på over 2060 kubikkmeter.

Med blått og kvitt skrog, overbygd front med ein svært karakteristisk baug, meiner reiarane at fartyet til 200 millionar kroner vil vekke oppsikt langs norskekysten.

– Den er spesiell. Den er overbygd framme. Det er det ingen andre båtar i Norge som har. Det er for å beskytte seg mot vêr og vind, forklarer Lyng.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Agnar og Tore Lyng

SATSAR: Agnar og Tore Lyng i reiarlaget Torbas blar opp 200 millionar for sitt nye flaggskip.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Blir arbeidsplassen til 20 mann

Størsteparten av reiarlaget Torbas er eigd av brørne Agnar og Tore Lyng. Kvalsteinfamilien i Fosnavåg eig 20 prosent. Kontora til reiarlaget ligg eit solid steinkast frå verftet.

Når den nye båten er sett i arbeid skal eit mannskap på ni eller ti vere med på kvar tur. Med skiftordning betyr det at 20 personar kan få arbeid på båten.

– På babord side her, har vi eit komplett pelagisk trål-opplegg, seier medreiar Tore Lyng og viser fram det det svære akterdekket på båten.

Her skal mannskapet jobbe trygt, sjølv i styggever ute på Atlanteren.

Båten er ein kombinert ringnotsnurpar og pelagisk trålar og går etter sild og makrell. Fiskeriet er av mange karakterisert som sjølve luksusfisket langs kysten. Ved hjelp av avansert leiteutstyr, not og pumper kjem silda effektivt ombord.

– Båten er litt høg. Det er bevisst val, for at folka som skal stå her ute og jobbe ikkje skal vere i fare for å få sjø over seg. Om vinteren når det er mørkt og det snør og slike ting, så skal det vere trygt å vere her, forklarer brørne.

Færre båtar, færre reiarar

Fiskeflåten i Sogn og Fjordane består av stadig færre men større farty.

Årsaka til uviklinga er årevis med såkalla strukturering der fiskekvotane blir samla på færre båtar og færre hender.

Regjeringa har sendt ut eit framlegg på høyring som kan innebære endå sterkare grep i denne retninga. Skepsisen er stor blant mange i næringa, som fryktar færre arbeidsplassar, og at næringa blir konsentert i færre hender.

Men Agnar Lyng er positiv, reiarlaget eig frå før ringnotbåten Gambler, får dei samle kvotane vil dei fiske alt med den nye storbåten.

– Det bør vere slik at ein kan konkurrere med offshorenæringa om arbeidskrafta. Derfor er vi avhengige av å fiske meir, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Nye Torbas

HØG: «Torbas» er bygd med mykje høgare rekke enn dei tradisjonelle ringnotbåtane. Det skal gi mannskapet om bord ly og trygg avstand frå brottsjå på fiske.

Foto: Bjarne Eldevik

Stort oppdrag for lite verft

Dei kommande månadene skal båten utrustast og innreiast. Det er eit kjempeoppdrag for Stadyard reiarlaget på Raudeberg, der Lyng brørne eig halvparten av aksjane og Verlo AS den andre halvparten.

Operativ leiar på Stadyard Malvin Silden seier ringverknadane blir store i Vågsøy. 50 til 70 personar vil ha arbeid ved verftet i tillegg kjem ringverknadane. Ulvesund Elektro, Måløy Radioforretning og Isovent er nokre av dei lokale verksemdene som skal bidra. Frå før er båten designa av Seacon i Måløy.

– Vi har seks tøffe månader framfor oss. Men det er dette vi ønskjer, å bygge nytt. Og det gir litt meir stus for gutane som jobbar her. Ein blir ikkje så svart på nevane som ein brukar å bli til vanleg.

I førre veke blei det klart at verftet også skal bygge ein ny garnbåt for reiarlaget Fanøyvåg frå Flora, skroget skal no gjerast klar i Polen. Men med færre og større båtar blir det lenger mellom dei ulike oppdraga for verftsbransjen. Før kunne det ligge flust av store og små båtar til kai ved verfta i Nordfjord, no gjeld det å kapre storfiskane.

– Det er slik i denne verda at når hjorten byrja å springe fortare, så måtte leoparden passe på og justere farten deretter. Det må vi også. Slik er det berre, seierr Silden.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Geir Henning Seljeset og Malvin Silden

HAR OGSÅ TINGA NY BÅT: Geir Henning Seljeset frå Florø-reiarlaget Fanøyvåg har tinga seg ny garnbåt. Også den skal byggast hos Malvin Silden (t.h.) og kollegaene på Raudeberg.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Fryktar ikkje Russland-boikotten

Satsinga på Raudeberg skjer samstundes som sild og makrellnæringa her til lands bur seg på å takle importnekten til Russland, som er den viktigaste marknaden for norsk sild. Ingen kunne sett at importstoppen ville kome då reiarlaget bestemte seg for å investere.

Agnar Lyng fryktar likevel ikkje for at investeringa blir for tung å bære.

– Det er mange ting ein kan frykte i fiskeri. Viss ein skal la frykta drive seg, så skal ein eigentleg la vere å stå opp om morgonen. Det kan godt hende vi blir påverka av det, men eg tippar fiskerinæringa kjem seg gjennom dette også. Det er alltid nokre skjer i sjøen, seier fiskebåtreiaren.